Home   >   Nyhende   >   Eid er favorittpartnaren til glopparane

Dersom Gloppen skal slå seg saman med ein annan kommune, meiner 72 prosent at det må bli Eid.

Eid er favorittpartnaren til glopparane

Glopparane er generelt lunkne til kommunereforma. Eid kommune er ein klar favoritt som partnar med 72 prosent. Kjærleiken er nesten like stor andre vegen. 64 prosent av eidarane vel Gloppen.

Brukarundersøkinga i Nordfjord-kommunane stadfester inntrykket av manglande entusiasme for kommunereforma. Undersøkinga er gjort ved telefonintervju av 1850 personar i heile Nordfjord pluss Bremanger i perioden 4. – 12. august.

Av dei spurde glopparane ønskjer 53 prosent å halde fram som eigen kommune. På spørsmål om kven Gloppen bør gå saman med, svarer 72 prosent Eid, 16 prosent Stryn og høvesvis sju , tre og fire prosent Vågsøy, Selje og Bremanger.
70 prosent av Glopparane avviser å vende seg sørover, 18 prosent er for. Eit klart fleirtal på 59 prosent er også mot Nordfjord som ein kommune, 34 prosent er for.

I måndagsavisa kan du lese korleis stemninga er i dei andre kommunane i Nordfjord.