Helse- og omsorgssjef Gunhild Gimmestad, med ryggen til til venstre, orienterte formannskapet om kommunale driftstilskot til private fysioterapeutar.

– Ei ønska bedrift for Gloppen

Firda fysikalsk-medisinsk senter sin søknad om driftstilskot vart tatt opp som orienteringssak i formannskapet onsdag. – Dette er sjølvsagt ei ønska bedrift for Gloppen, til liks med alle andre bedrifter i kommunen, slo varaordførar Per Jarle Myklebust (Sp) fast.



Helse- og omsorgssjef Gunhild Gimmestad held på å førebu ei sak til politisk behandling etter at Firda fysikalsk-medisinsk senter har søkt om å få ytterlegare to driftstilskot.

Behov og økonomi
– Eg har vore i dialog med senteret og prøver å finne ut av det reelle behovet. Som politikarar må det ta stilling til om det er eit reelt behov for å auke driftstilskotet og om vi har råd til det. Rammeavtalen er ganske tydeleg på at har vi små driftsavtalar må desse aukast itråd med faktiske behov. På same tid blir det sagt at ein må ta omsyn til den økonomiske ramma. Difor må vi vurdere behov og økonomi, opplyste ho, og la til at det er tilrådd å auke opp små driftstilskot før ein opprettar nye.

I dag har Bertel Rune Kaale eit kommunalt driftstilskot på 60 prosent. Morten Leirgul og Arne Nesgård har 20 prosent kvar.

Ordførar Leidulf Gloppestad (Sp) viste til at politikarane vil få ei sak til behandling, men at dei også må sjå på saka i samband med budsjettbehandlinga.

– Vi gjev senteret tilskot for å behandle pasientar frå Gloppen. Tilskota som vi gjev kan ikkje brukast til å behandle tilreisande. Det må vi vere klar over. Eg har stor respekt for innspela som kjem frå pasientar som ber oss om å ta situasjonen på alvor. Er det behov for å auke driftstilskota, skal vi behandle det seriøst, sa han.

To heile tilskot i dag
Gloppen har fleire fysioterapeutar som er kommunalt tilsett. I tillegg yter kommune to private driftstilskot – eitt til Asle Rosø og eitt til Firda fysmed som er oppdelt.

– Vi har fordelt oppgåvene mellom dei kommunale og dei private fysioterapeutane. I eit næringsperspektiv er Firda fysmed ei viktig bedrift for Gloppen, men det er ei anna side av saka, peika helse- og omsorgssjefen på.

Arnar Kvernevik (Ap) viste til at saka var vanskeleg fordi ho er todelt.

– Vi må skilje dei to sakene. Som politikar ønskjer eg at vi prøver å finne ordningar eller tiltak som gjer at også næringsdelen blir ivarteken, slik at bedrifta blir verande i Gloppen. Korleis vi skal gjere det, har eg ikkje noko godt svar på, kommenterte han.

Per Jarle Myklebust (Sp) såg fram til å få ei saksutgreiing på bordet.

– Kaale har søkt om driftstilskot, ikkje næringstilskot. Senteret skal få det dei har krav på, men det er kommunen som veit best kva behovet er. Det må vere ut frå eit behov at ein gjev slike tilskot, sa han.

– Må sjå heile biletet
Ordføraren viste til at rehabilitering kostar, men det kostar meir å la vere å rehabilitere.

– Det beste vi kanskje kan gjere er å syte for at vi har nok fysioterapeutar som kan hjelpe folk i ein rehabiliteringsfase. På landsplan er det eit etterslep på 200.000 personar som ikkje får rehabilitering fordi kommunane ikkje har pengar til å handtere det. Det er eit statleg ansar å syte for å betre situasjonen. Det blir dyrt om personar blir pleietrengande fordi ein ikkje har greidd å rehabilitere dei tidleg nok. Som politikarar må vi sjå på heile kostnadsbiletet, sa Gloppestad.

Han gav ros til senteret for å hjelpe så mange som dei gjer.

– Vi er takksame for at Firda fysmed har teke inn fleire pasientar frå Gloppen enn dei har fått tilskot til. Viss vi får det til, er driftstilskota som senteret søkjer om kanskje det beste næringstilskotet vi kan gje dei, sa han.