Heim   >   Nyhende   >   – Eg ser fleire positive grep

– Eg ser fleire positive grep

14.mai la regjeringa fram revidert nasjonalbudsjett.

– Regjeringa gjev i revidert statsbudsjett ein positiv stimuli til norsk økonomi, og Bondelaget reknar sjølvsagt med at dette fører til at regjeringa kjem med eit skikkeleg løft i ramma til jordbruksoppgjeret, seier leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde i ei pressemedling.

– Det er også sett av pengar til konkurransetilsynet for å etablere tilsyn med daglegvarehandelen og matindustrien. Bakgrunnen er at det no kjem ei lov om god handelsskikk. Vi har forhåpningar om at dette styrkjer matprodusenten sin plass i verdikjeda.

Fleire lyspunkt

– Redusert alkoholavgift for siderprodusentar, betrar konkurransevna til norsk frukt, og det er bra fortel Felde.

Han seier at det også er sett av  50 millionar til breibandsutbygging, og at det er avgjerande for verdiskaping og busetjing i distrikta.

– Men det er på langt nær nok for å sikre framtidsretta infrastruktur i distrikta, held han fram.

Ifølgje Felde har landbruket  i lang tid etterlyst fondsordningar, som eit skattemessig insitament for å gjere landbruket betre rusta for klimaendringane og for å gjere investeringar på garden som kuttar i klimautsleppa.

–  Det er skuffande at regjeringa heller ikkje i revidert budsjett for 2019 kjem landbruket i møte på dette punktet.