Heim   >   Fylket   >   – Eg gler meg stort

– Eg håpar publikum vil ha glede av konserten i kveld, seier Jørn Moen.

– Eg gler meg stort

Kultursalen blir utan publikum, men Jørn Moen satsar likevel på å skape god stemning når han i kveld inviterer til liv stream-konsert frå kultursalen i Trivselshagen. – Det blir spesielt, men eg gler meg stort, smiler han.

Jørn Moen har vore med på å fylle kultursalen i Trivselshagen fleire gonger, anten åleine eller saman med andre.

Nylaga song

I kveld tek han med seg gitaren på scena i kultursalen, og har med seg eit lite støtteapparat på den tekniske sida. Torbjørn Gran styrer lyden, Andreas Lyngstad Grov styrer lyset, medan Ola Tarjei Kroken skal ha kontroll på fleire kamera. I tillegg blir Hege Alme med som gjesteartist.

– Dette blir ein konsert der eg presenterer mykje sjølvlaga stoff. På slutten av konserten kjem eg til å framføre ein song som er heilt nylaga. Songen handlar om ein nær musikarkollega som eg har spelt i lag med i fleire tiår, fortel Moen.

Konserten vil vare i underkant av ein time.

Frivilligsentralen

– Korleis blir det å halde konsert utan publikum?

– Det blir spennande. Eg har stått på scena i lag med mange musikarar og med mykje publikum i salen. No står eg der heilt åleine. Heldigvis blir Hege med og syng på nokre songar. Eg håpar publikum får ei kjekk oppleving, peikar han på.

Konserten er i utgangspunktet gratis, men publikum har høve til å vippse.

– Overskotet går til Frivilligsentralen i Gloppen. Eg har lyst til å løfte fram ein organisasjon som gjer mykje positivt i lokalsamfunnet vårt. Eg håpar dei som høyrer på har lyst til å støtte ei god sak, seier Moen.

Konserten blir streama på Trivselshagen live, og linken vil bli lagd ut 15 minutt før.