– Hadde det ikkje vore for elveforbygginga i Årsetelva, hadde det sett mykje verre ut, sa ordførar Oddmund Klakegg til statsråd Kjell Ingolf Ropstad. I midten fylkesordførarkandidat Trude Brosvik (Krf)

– Eg forstår godt redsla deira

Barne og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (Krf) hadde tysdag eit kort besøk i Jølster. Der møtte han kommuneleiinga og fekk orientering om rassituasjonen.



Statsråden kom frå Sandane og køyrde såleis gjennom ein del av rasområda før han tok ein stopp på Vassenden. Der var representantar for fylkes- og lokallag også på plass, i tillegg til ordførar Oddmund Klakegg og rådmann Ellen Jensen.
Kva med dei evakuerte?
Statsråd Ropstad var oppteken av å høyre om alle dei evakuerte var flytta tilbake.
– Alle har fått lov til å flytte tilbake, men ikkje alle torer, svara ordførar Oddmund Klakegg, som også fortalde statsråden at mange er prega av uttryggheit og redsle etter det som skjedde.
– Eg skjønar godt redsla deira, og som barne- og familieminister er eg oppteken av at folk skal føle seg trygge og at ting så fort som mogeleg normaliserer seg her i Jølster.
– Eg håpar dei finn han

Ropstad var naturleg nok også oppteken av søket etter den sakna som tysdag omfatta bruk av både sonar og magnet.
– Det at vi manglar ein av våre pregar alle i bygda. At han blir funnen, er avgjerande for at vi kjem oss vidare, sa ordføraren.
– Eg håpar inderleg at dei finn han, det vil nok vere viktig i ein slik samanheng, sa ein rørt statsråd.
At mobilnettet låg nede i 50 timar, likte ikkje statsråden å høyre. Etter den korte stoppen på Vassenden, viste Ropstad til at han var imponert over det han kalla flott engasjement av innbyggjarane i Jølster etter rasdramatikken.
– Dette er eit kvalitetsstempel på bygda, meinte han.



På Vassenden møtte statsråden også lokale partifeller. Lokallagsleiar Irene Barmen Hoel i midten og Silje Sørebø.

I Jølster møtte Kjell Ingolf Ropstad også lokale partifeller. I midten lokallagsleiar Irene Barmen Hoel og Silje Sørebø.