Heim   >   Fylket   >   – Eg er nervøs

– Eg er nervøs

Jølster-ordførar og nummer to på Sp-lista i Sunnfjord, Oddmund Klakegg, legg ikkje skjul på at han er nervøs. 

Spenninga er tett og intens på valvaka på Sunnfjord Hotell.

Det ligg nemleg an til ein thriller om kven som blir den første ordføraren i den nye storkommunen. Etter at førehandsrøystene er talde, er Sp størst, knapt føre Ap og Høgre.