E39 og fylkesvegane i Hyen blir ikkje opna i dag
Publisert: 31. juli 2019
Oppdatert: 31. juli 2019
Av: Firda Tidend
Statens vegvesen får ikkje opna E39 eller fylkesvegane i Hyen i dag.
Slik er status på dei stengde vegane:
E39 Førde – Skei: Blir ikkje opna i dag. Opprydding er i gang på fleire punkt. Mykje masse skal ryddast bort, men det ser ut som om bruene har klart seg.
Fv. 451 Vassenden – Kjøsnes: Blir ikkje opna i dag. Rasområdet er framleis ustabilt, kanskje rydding i morgon.
Fv. 491 Ommedal: Blir ikkje opna i dag. Tverrelva bru er heilt borte. Brua blir erstatta av midlertidig løysing av betongkulvertar og steinmasse i morgon, slik at ein får samband til dalen. Rydding pågår i dag lenger inne i dalen.
Fv. 615 Storebru-Sandane: Blir ikkje opna i dag. Framkomst frå Storebru forbi Hyen til raset ved Brødrene Aa.
Rv. 13 Moskog-Gaularfjellet: Opnar i kveld etter flaum ved Holsen. Rasmasse blir gravd vekk og elva ført bort frå vegen. Blir kunngjort på vegvesen.no/trafikk
Trafikken på E39 blir framleis omdirigert via Vadheim, Høyanger, ferja Dragsvik-Hella og rv.5 Sogndal-Skei.
Det blir sett inn ekstra avgangar på Dragsvik-Hella også i natt.