Heim   >   Fylket   >   E39 blir nattestengd mellom Førde og Skei

E39 blir nattestengd mellom Førde og Skei

Nye røyr under E39 fører til nattestenging ved Førde natt til torsdag, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding. 

Ei ny stikkrenne og fleire trekkerøyr skal gravast ned under E39 ved Bruland i Førde denne veka. Det førebuande arbeidet er i gang, og frå onsdag den 14. aug klokka 09:00 vil det bli lysregulert/manuell dirigering fram til fredag 16. august kl 18:00.

I ein periode natt til torsdag vil vegen bli heilt stengd for all trafikk frå klokka 23:45 til 06:00. I denne perioden er det berre naudetatane som kan passere.