Det var ei alvorstung forsamling som måtte fordøye ein utfordrande økonomisk situasjon.

Dystre tal og dyster stemning

Kort oppsummert så var formannskapsmøtet torsdag ei ørkenvandring med ei endelaus rekkje med tal, lange utgreiingar av og spørsmål til kommunalsjefane. Møtet handla i si heilheit om økonomi, om kutt for å få økonomiplanen i balanse.



Ikkje vedtak

Rådmannen fekk på formannskapsmøtet i oktober ei bestilling i tre punkt som politikarane vile ha utgreidd. Vedtaket lydde slik:


  • Vi ber administrajonen utarbeide eit grunnlag for budsjett og økonomiplan der ein gjennom vurdering av tal stillingsheimlar, kalibrerer tenestenivå og tenesteproduksjon i høve medianen i den nye Sunnfjord kommune.

  • Vi ber administrasjonen samanlikne følgjande med dei andre kommunane vi skal slå oss saman med, dirigent, kyrkje, kulturmidlar

  • Vi ber om at administrasjonen vurdere betre utnytting av eigendomsmassen kommunen rår over, og mogeleg sal av delar av denne.


Som svar på dette hadde Rådmannen utarbeidd eit notat der det vart gjort greie for situasjonen i einingane og sektorane og samanlikna med dei kommunane som Jølster snart skal sjå seg i saman med. Det vart stilt ein del spørsmål til kommunalsjefane og Rådmannen og sistnemnde fekk med seg ei ny liste med spørsmål som ho må ha svar på til neste formannskapsmøte som blir den 20. november. Kvar det skal kuttast for å få økonomiplan og budsjett til å gå i hop, er ikkje avklara. Rådmannen hadde ei liste i notatet sitt, men det manglar mykje på dei 20 millionane som skal til for å få økonomiplanen i balanse.

Spørsmål skapte temperatur

Til møtet låg det føre eit brev frå Judith Kapstad der ho stilte fire spørsmål til notatet. Tre av dei fekk ho svar på utan problem, det fjerde ordføraren til å heve stemma fleire hakk. Spørsmålet var knytt til den famøse e-posten som kom frå rektorane og som vart kjend under kommunestyremøtet sist veke. der skreiv rektorane at dei hadde fått i oppdrag å rekne på mogelege innsparingar ved å slå i saman ungdomsskulane i kommunen. Rådmannen beklaga e-posten i kommunestyremøtet, men sa ingen ting om kven som hadde gitt rektorane oppdraget.

Det siste av dei fire spørsmåla frå Kapstad handla om denne E-posten og ho ville vite om det var gjort utgreingar om skulesamanslåing og ho ville sjå tala om så var tilfelle. Ho viste også til at administrasjonen hadde svart på dei to første kulepunkta i e-posten, men ikkje dei to siste.



Bensin på bålet

Det hadde lege ei dyster og blytung stemning over forsamlinga i mange timar, men no vakna, i alle fall nokre.

-På politikardagen i vår kom det innspel til administrasjonen om å sjå på dette med ein ungdomsskule og om å ta vekk ein eller begge hallane. Eg vil ha tala på bordet og det har eg rett i, sa Judith Kapstad som start på ei rimeleg frisk ordveksling med ordføraren.

-Du bryt intensjonsavtala om ny kommune med å dra opp ein ny debatt om dette no. Om det finst tal på dette no, kven har bestilt dei? Vil du ta opp saka så må du fremje den og vi kan stemme. Eg tippar det er fort gjort, sa Oddmund Klakegg som ikkje la særleg skjul på at han var irritert. Men det kom meir og temperaturen steig.

-Eg vil ha tala som var utarbeidde då dette var oppe i 2015 og eg vil ha det som måtte vere av tal i dag. Det var formannskapet som ba om tal i bestillinga frå førre møte. Har ikkje rådmannen fått dei fram, har ho ikkje gjort jobben sin, svara Kapstad som ikkje hadde planar om å gje seg så lett.

-Akkurat det trur eg det er delte oppfatningar om, var svaret frå ordføraren som fekk støtte av varaordførar Jakob André Sandal (SV) som meinte at det ikkje sto noko om skulestruktur i bestilllinga frå politikarane. Også Kjell Navelsaker (H) var skeptisk til ny skuledebatt.



Sak eller ikkje sak

-Du har argumentert godt for å behalde skulestrukturen, men eg vil ha tala slik at vi kan sjå om det er noko å spare. Kanskje er det ikkje det, men vi må ha tala for å vite det, var neste trekk frå Kapstad som også var rimeleg irritert og ho minte om at det er mange strukturar i kommunen som er under press.

Kva med helsestasjonane, er ikkje det ein struktur?, spurde ho og synte til at den på Vassenden er kommen på kuttlista til rådmannen.

-Jau, det er det absolutt svara ordføraren som ville ha svar på om det skulle setjast i gang ei utgreiing om skulestruktur.

-Berre tull, det er bortkasta, konstaterte Ingrid Søyland (Sp)

-Eg konstaterer at du vil hindre meg i å få tala, kvitterte Kapstad med adresse ordføraren.

-Røyser du sak, eller ikkje?, spurde Oddmund Klakegg som ville ha diskusjonen avslutta.

-Eg snakkar ikkje om sak, men eg vil ha tala, var siste ord frå Kapstad og debatten var over.

 

 

Judith Kapstad ville vite om det var gjort utrekningar på skulesamanslåing, og ho ville sjå tala om så var tilfelle.
Oddmund klakegg ville ikkje vite av nokon ny skuledebatt. Rådmann Ellen Jensen ville ikkje seie meir enn det ho hadde sagt i notatet sitt, når det var snakk om spørsmålet frå Judith Kapstad.