Duka for lokalderby på Skei

I kveld møtest Jølster og Sandane til 5. divisjonskamp på kunstgraset på Skei.

Dette pleier å vere jamne og tette oppgjer fylte med sugande taklingar, tidvis høg temperatur og eit sterkt ønske om å tukte naboen.

Sjølv om laga denne gongen stort sett berre har æra å spele for, reknar vi med at også denne kampen inneheld mange av dei nemnde ingrediensane.

Rett nok skal det nemnast at Sandane framleis har sjanse til å rykke opp til 4. divisjon. Med to kampar att av sesongen ligg glopparane fem poeng bak Syril, som ligg på den andre opprykksplassen. Syril leia lenge serien, men har møtt veggen i haust. Likevel skal svært mykje til for at dei gjev frå seg opprykket. Med langt betre målskilnad enn STIL, treng dei berre eitt poeng på dei to siste kampane for å drage i land 4. divisjonskontrakten.

Sogningane møter allereie opprykksklare Høyang heime på Leikanger måndag, før sesongen vert avslutta med bortekamp mot svakt plasserte Bjørn. Kanskje held opprykksspenninga seg også over denne runda. I så fall må STIL slå Jølster og Høyang vinne mot Syril. Det er godt mogleg at begge delar kjem til å skje.