Heim   >   Fylket   >   Dronninga stråla om kapp med sola

Det var ei strålande opplagd Dronning Sonja som kom til opninga av gondolbana i dag. - Fjelldronninga vår, sa ordførar Sven Flo i talen sin.

Dronninga stråla om kapp med sola

– Imponerande, sa Dronninga om gondolbaneprosjektet

Dette vil bety mykje for fjell livet både her og i heile regionen, ja, i heile landet for den del, sa H.M. Dronning Sonja då ho i dag sto på toppen av Hoven i Loen og såg ut over det mektige landskapet i indre Nordfjord.

Før Dronninga kom til fjells hadde ho opna Loen Skylift, gondolbana som skal frakte folk frå fjorden og opp til 1000 m.o.h. Dette er truleg noko av det mest spektakulære som kan opplevast av turistattraksjonar i dette landet, og det er ei av dei brattaste banene i sitt slag i heile verda.

Flott dag

– For ein dag, og dette må no vere flott for dykk også, sa Dronninga då ho kom til fjordstasjonen og vart teken i mot av dagleg leiar for gondolbaneprosjektet, Richard Grov og styreleiar Leif Riksheim. Etter at Dronninga hadde trykt på brytaren som opna dørene inn til avgangshallen, bar det til fjells.

Der fekk ho, i samtale med Arne Hjeltnes, fortelje om alle fjellturane sine i indre Nordfjord og ho peika på fjelltoppar rundt heile horisonten som ho hadde vore på.

– Eg har litt høgdeskrekk, så klatringa på slutten av turen til Lodalskåpa var ei utfordring, men det gjekk bra. Det vil sikkert gå bra å komme seg ned att her i frå også, smilte Dronninga som var full av lovord om gondolbaneprosjektet, naturen, og den flotte dagen med masse folk både nede ved fjorden og på fjellet.

Meir i papiravisa måndag

Fjelldronninga i sitt rette element. Her på veg til avduking av skulpturen «Fotspor» på Hoven. Ho blir eskortert av Richard Grov og Arne Hjeltnes.