Det gjekk fleire ras i Jølster i Sogn og Fjordane i slutten av juli. Samfunnssikkerheitsminister Ingvil Smines Tybring-Gjedde (Frp) uttalte onsdag at regjeringa vil sjå på korleis mobilnettet fungerer. Dronar kan bli ei løysing i framtida, seier Nkom. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix / NPK

Dronar kan bli løysinga når mobilnettet bryt saman

Delar av Jølster var utan mobildekning i to døgn då kommunen vart ramma av jordras. Dronar kan i framtida vere løysinga når nettet bryt saman.


– Vi har ganske god beredskap i Noreg for å halde nødtrafikk i gang, men når livsnerven til nettet blir rive over som i Jølster, då hjelper det ikkje med ekstra batterikapasitet. Då må vi sjå om det finst annan teknologi som raskt kan komme på plass, seier avdelingsdirektør Elise Lindeberg i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) til VG.


Varaordførar Jakob Andre Sandal (SV) i Jølster kommune uttalte til NTB etter rasa at mobilnettet er for sårbart, og at batteria på basestasjonane, som er nødløysinga dersom straumen blir kutta, har for dårleg kapasitet. Telenors fem basestasjonar i området var nede. Ingen av dei vart trefte av rasa, men ein fiberkabel som gjekk inn til stasjonane, vart øydelagt.


Lindeberg seier til VG at gitt føresetnadene og dei store øydeleggingane, meiner dei at Telenor handterte situasjonen bra. Dei vil no greie ut om til dømes umanna dronar kan fungere som flygande basestasjonar i ei krise.


– Vi skal sikre kommunikasjon slik at liv og helse kan takast vare på. Då kan det blir aktuelt å skru til ytterlegare på krava til sikkerheit, og vi må sjå kva slags teknologi som er tilgjengeleg, seier ho.


(©NPK)