Matematikar og teknologiinvestor Silvija Seres kjem til Kraft i Vest-konferansen på Sandane torsdag og fredag. Pressefoto.

Dramatiske endringar - og det skjer no

– Den fjerde industrielle revolusjon er her. Teknologi er på veg til å endre alle føresetnader både i arbeidslivet og i samfunnet elles, og endringane vil skje fortare enn vi likar å tru.

Dette er orda til matematikar og teknologiinvestor Silvia Seres. Den populære føredragshaldaren har ei rekkje styreverv på bakgrunn av kompetansen sin, og er ein svært ettertrakta fagperson innan digitalisering. No kjem Seres til Sandane under Kraft i Vest som blir arrangert 26.-27. september.

– Det har lenge vore snakk om at teknologi dannar basis for morgondagens arbeidsliv, men få er klar over kor nærståande det er og kor radikale desse endringane faktisk er, seier Seres.

Taktskifte

Blockchain er eit eksempel på ein av dei nye teknologiane som er med å påverke oss i det daglege. Blockchain er enkelt forklart avansert teknologi i botn som opnar for enkle og kundevenlege tenester. Betalingsløysinga Vipps er eit døme. Seres meiner at det som gjer at endringane skjer fortare enn før, er at det ikkje lenger berre er éin teknologi, slik som gjeld.

– Blockchain er berre ein liten del av det store biletet. Det nye no er at ulike teknologiar plutseleg snakkar saman på tvers og dette er med å gi eit taktskifte – ting går plutseleg mykje raskare enn før.

Ho meiner det er umogleg å halde seg på utsida av det som skjer.

– Kva vi arbeider med, korleis vi leiar verksemder og i det heile tatt korleis heile samfunnet vårt fungerer, vert endra radikalt i løpet av ti år og det er umogleg ikkje å vere ein del av det.

Ikkje ta skylappane på

Seres ønskjer ikkje å bidra til skremselspropaganda, men trur det er mange som kan trenge ein vekkjar. Til bedriftsleiarar som fryktar å stå igjen på perrongen når «teknologitoget» går, har ho følgjande råd:

– Ikkje sov i timen og tenk at dette gjeld ikkje meg eller min bransje. Det handlar i første omgang om å registrere og akseptere at ting vil bli annleis dei neste åra, det er første steg. Deretter å førebu seg på kva betydning desse endringane har for verksemda di. Dei som greier å omstille seg raskt nok og ta i bruk nye moglegheiter, vil vere vinnarane. Det ein ikkje må gjere er å ta skylappane på og vente til det går over, smiler Seres.

Kraft i Vest går av stabelen på Sandane 26.-27. september. På programmet i år er teknologi og digitalisering, klima versus naturvern, elektrifisering, endringsvilje, vindkraft på land og til havs, solcelle på taket med meir.