Home   >   Nyhende   >   Dømd for oppbevaring og sal av hasj

Dømd for oppbevaring og sal av hasj

Ein nordfjording i tjueåra er dømd til 45 dagar i fengsel for oppbevaring og sal av hasj.

Til saman var det snakk om oppbevaring av 40 gram hasj, av dette vart 30 gram vidareseld til ein annan mann. I tillegg til fengselsstraffa, som er på vilkår med ei prøvetid på to år, er mannen dømd til å betale ei bot på 5000 kroner.