Dømd for grovt tjuveri frå omsorgssenter

I perioden frå august 2014 til februar 2017 skal ein tidlegare helsetilsett i Sogn og Fjordane ha stole frå institusjonen og bebuarane der ho arbeidde. No er kvinna dømd til åtte månader fengsel.

Kvinna i 40-åra var tilsett ved eit omsorgssenter i Sunnfjord. Ho skal over tid systematisk ha bortteke gjenstandar frå pasientar, kollegaer og arbeidsgjevar. Hovudforhandlinga tok stad i Sogn og Fjordane tingrett 18.-21. februar i år. Tiltala møtte, men erkjende seg ikkje skuldig.

Fengsel og erstatning

Tiltala vart dømd til fengsel i åtte månader, der 90 dagar er på vilkår med ei prøvetid på to år. I tillegg la aktor ned påstand om at tiltala blir dømd til å betale 30.000 kroner i erstatning til kommunen. Tiltala må òg betale 10.000 kroner i sakskostnader til det offentlege.

Etter ransaking heime hos tiltala vart fleire gjenstandar beslaglagde. Beslaglagt sjukeheimsmateriell vert inndrege.

Interessert i gamle ting

Beslagsrapporten viser eit breitt utval gjenstandar. Ei betydeleg mengde smykke, gamle bøker og klokker er blitt attkjende av pårørande til bebuarar ved omsorgssenteret og tilsette. I tillegg skal tiltala ha bortteke mengder med dukar, bilete, antibac, mat og anna tilhøyrande omsorgssenteret.

Tiltala og ein familiemedlem forklarer funnet med ei interesse for gamle gjenstandar, og at dei er funne i bruktbutikk eller gitt i gåver. Retten finn dette lite truverdig, sidan gjenstandane er identiske med pasientane sine. Retten meiner forklaringa frå familiemedlemen verkar for å vere tilpassa bevisbiletet.

Grovt tjuveri

Tjuveriet vert rekna som grovt. Det vert lagt vekt på den samla verdien frå beslagrapporten, samt at handlinga har medført tillitsbrot både overfor arbeidsgjevar og særleg sårbare personar.

Tjuveria har vore vanskelege å oppdage, sidan fleire pasientar ikkje har vore i stand til å melde frå om at noko var borte. Både tilsette og bebuarar, samt pårørande, hadde mistanke om at noko forsvann, utan å vite korleis.

Retten meiner tiltala sine handlingar nærast ber preg av avhengigheit, med tanke på omfang av beslaget og det lange tidsrommet. Dette vert også underbygd av at kvinna ikkje erkjenner straffeskuld, sjølv om bevisa talar sterkt mot henne. Fengsel utan vilkår vart difor sett som naudsynt for å verne samfunnet. Dommen var samrøystes.