Så langt i år er det beslaglagt dobbelt så mange ulovlege garn i Sogn og Fjordane som i heile 2017. Foto: Sara Johannessen / NTB scanpix / NPK

Dobla beslag av ulovleg garn i Sogn og Fjordane


Så langt i år er det beslaglagt dobbelt så mange ulovlege garn i Sogn og Fjordane som i heile 2017. Tjuvfiske med garn kan utgjere ein alvorleg trugsel for laksebestanden.


Stig Inge Hauge, som driv fiskeoppsyn for Statens naturoppsyn, fortel til Bergens Tidende (BT) at dei har beslaglagt over 30 garn i Sogn og Fjordane så langt i år, mot rundt 14 garn i heile 2017.


– Dei største utfordringane i Sogn og Fjordane er Førdefjorden og Dalsfjorden, og dei kystnære strøka som grenser til desse fjordane. Det er der dei aller fleste beslaga er gjort i år, seier han til avisa.


– Konsekvensane kan bli dramatiske for villaksbestanden. Det er laks som skal opp i ulike vassdrag og gyte. Ein kan i verste fall slå ut ein heil årsklasse. Denne typen ulovleg fiske er eit ran frå fellesskapet, seier Arnstein Johnsen, seksjonsleiar for kyst i Statens naturoppsyn til BT.


Ulovleg laksefiske har også vore eit problem i Hordaland. Fylket hadde dobbelt så mange beslag som Sogn og Fjordane i fjor. I år har dei to fylka bytta plass, med berre 19 garn beslaglagt i Hordaland så langt i år.


Så langt i år er det beslaglagt dobbelt så mange ulovlege garn i Sogn og Fjordane som i heile 2017. Foto: Sara Johannessen / NTB scanpix / NPK