Home   >   Nyhende   >   Do-krise i Olden

Køane har vorte fortvilande lange ved det eine offentlege toalettet i Olden i Nordfjord i sommar. Foto: Paul Kleiven/NTB scanpix/NPK.

Do-krise i Olden

Cruiseturistane som går i land i Olden får fort eit problem om dei må på do. Køane til det eine offentlege toalettet i bygda blir ofte frustrerande lange, fortel NRK.

Samla er det venta 165.000 cruiseturistar til den vesle bygda i år, og presset på toalettfasilitetane blir stort når dei kjem i land i tusental. Den 1. august var det 9.000 cruiseturistar i Olden på éin dag, noko som er rekord.

Somme turistar prøver å løyse problemet ved å spørje om å få låne toalett i butikkane i Olden, mens det òg har hendt at trengde turistar gjer frå seg utandørs.

– Vi risikerer at folk reiser herfrå med ein viss irritasjon om dei må bruke tida i toalettkø i staden for å sjå seg rundt, seier Ketil Finsås Hansen i kontaktutvalet i Olden og Oldedalen til NRK.

Han etterlyser strakstiltak og fryktar at turistane skal få eit negativt inntrykk.

Ordførar Sven Flo (H) i Stryn kommune vedgår at toalettkapasiteten i Olden er for dårleg, og at kommunen rett og slett ikkje har vore godt nok førebudd på den raske veksten i cruisetrafikken. Han lover nytt toalettbygg i Olden til neste sommar.

– Det er mi klare målsetjing, og eg kjem til å jobbe knallhardt for å få det på plass. Vi kan ikkje ha det slik det er no, seier Flo til NRK. (©NPK)