Heim   >   Nyhende   >   DNT melder om rekordstart på fjellpåska

Påska i år er den beste starten for fjellpåska til DNT på seks år. Illustrasjonsfoto: Halvard Alvik / NTB scanpix / NPK

DNT melder om rekordstart på fjellpåska

Den første påskehelga har 4554 personar overnatta på dei betente hyttene til Den Norske Turistforening (DNT). Det er det høgaste talet sidan 2013.

Talet på overnattingar på dei betente hyttene til DNT har auka med tre prosent samanlikna med i fjor. Områda med størst auke i besøkstala sidan i fjor er Hardangervidda og Jotunheimen.

– Det er tydeleg at folk vil utnytte siste rest av vinteren og få med seg ein av dei beste månadene i året for skiturar, seier generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang i DNT.

Solvang melder om gode forhold for skiturar, spesielt i høgfjellsområda.

– Dette er ikkje mindre enn ei eventyrpåske. Det er ikkje sjølvsagt at ein får så flotte forhold for ski og friluftsliv på denne tida av året, seier han, og tilrår alle å ta turen til fjells.

(©NPK)