DNT-hyttetunet på Tungestølen får kommunal støtte
Luster Turlag treng 5,3 millionar for å realisere eit hyttetun på Tungestølen. No har kommunen sagt ja til ei låneløysing, skriv Sogn Avis.
– Det er kjempeflott at politikarane har sagt ja. Eg set stor pris på at vi har gode støttespelarar i ryggen, Luster sparebank og kommunen, seier Ole Schanke Eikum, leiar i Luster Turlag til avisa.
Eit samla kommunestyre har no sagt ja til pakken som skal løyse finansieringskabalen for hytteprosjektet på Tungstølen.
Turisthytta på Tungestølen vart øydelagt av ekstremvêret Dagmar i 2011. Det lokale turlaget planlegg å byggje opp att hytta i form av eit hyttetun. Oppdatert kostnad på heile hyttetunet er 23 millionar kroner og turlaget har i lang tid jobba med å få finansieringa på plass. Å skaffe pengar har derimot vore svært vanskeleg.
No har turlaget, Luster sparebank og kommunen kome fram til ei løysing der turlaget går inn med eigenkapital på 1 million, banken gir lån på 2 millionar og Luster kommune gir eit rentefritt lån på 2,3 millionar. Torsdag gav kommunestyret grønt lys til denne ordninga.
Finansiering er for å kunne søkje om spelemidlar.
Eikum seier det ikkje er sikkert at hytteprosjektet får slike midlar i år, men då har dei i alle fall ein søknad inne, som kvalifiserer til tildeling.
Dersom hyttetunet ikkje skal bli forsinka, må dei første bestillingane gjerast i månadsskiftet februar/mars. Då kan dei første bygningane stå klare i haust. (©NPK)