Legane opplever at deira vurdering av pasienten ikkje blir teke omsyn til i akutte situasjonar. Foto: Vegard Wivestad Grøtt/NTB scanpix/NPK.

Distriktslegar opplever å bli overkøyrde av AMK

Mange av legane i distrikta opplever at Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) ikkje høyrer på deira vurdering av pasienten.


Legane i distriktet meiner AMK ikkje høyrer på vurderingane deira av pasientane. No krev Nasjonalt senter for distriktsmedisin (NSDM) at kommunikasjonen mellom instansane må bli betra.


– AMK er i ferd med å bli ein kommandosentral, seier leiar Helen Brandstorp i NSDM til NRK.


AMK er dei som fastset hastegraden på oppdraga som blir melde inn. Vurderinga til legen skal bli vektlagd, men legane kan likevel ikkje overprøve AMK sjølv om det er dei som har ansvaret for pasienten.


– Legar som treng ambulanse og ringjer til AMK, opplever å bli overkøyrde av sentralen. Dei som står med ansvar for pasienten, opplever at vurderinga deira blir trekt i tvil. Det kjennest veldig utrygt og ubehageleg for legane, seier Brandstorp.


– Det er veldig beklageleg dersom legane føler seg overkøyrde. I vårt AMK-område og med dei kommunelegane vi samhandlar med, opplever vi det ikkje som eit problem, seier Ellen Dahlberg som er avdelingsleiar ved AMK i Tromsø.


Avdelingsdirektør i Helsedirektoratet, Steinar Olsen, erkjenner at det er store forskjellar i samarbeidet mellom AMK og legar ute i distrikta. Dei vil likevel at AMK framleis skal ha ansvaret for prioriteringane. (©NPK)