Heim   >   Nyhende   >   Direktorat: Eldre bør få køyre utan helseattest til dei er 80 år

Foto: Berit Keilen/NTB scanpix/NPK.

Direktorat: Eldre bør få køyre utan helseattest til dei er 80 år

Helsedirektoratet og Vegdirektoratet foreslår at eldre kan køyre bil til dei er 80 år før dei treng helseattest frå fastlegen for å få førarkortet fornya.

Ei arbeidsgruppe frå Helsedirektoratet og Vegdirektoratet fekk i april i fjor jobben med å sjå på ordning for eldre som skal fornye førarkortet. Oppdragsgivarar var Samferdselsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet. No anbefaler gruppa at aldersgrensa for helseattest blir heva frå 75 til 80 år, skriv VG.

– Vi både lever lenger og er friskare lenger. Eg vil no saman med kollegaen min i Samferdselsdepartementet gå grundig igjennom rapporten for å sjå kva vi landar på, seier eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen (Frp).

Det blir anbefalt i skrivet frå Vegdirektoratet at utviklinga blir følgd nøye, slik at det eventuelt kan gjerast endringar, både dersom erfaringane viser at trafikktryggleiken blir svekt eller at folkehelsa blir ytterlegare forbetra.

– Vi ønsker å gi eldre bilførarar ein enklare kvardag og samtidig frigi kapasitet hos fastlegane, seier Michaelsen. (©NPK)