Din Jølsterdag etter kjend mal

Komande helg er det på nytt duka for Din Jølsterdag, messedagane som er blitt fast tradisjon og som i år har nye kostar ved roret.


Ansvarlege for årets utgåve av Din Jølsterdag er Rigmor Heggheim og Lillian Dvergsdal Haugen. I messeavisa som låg i postkassane for ei veke sidan, slo dei to damene like godt til med velkomsthelsing på rim.

Blanding av nytt og gammalt

Programmet for årets messedagar går stort sett i gamle, kjende spor, men der er likevel eit par nye, interessante ting. Ein av dei er barnediskotek i samfunnshuset fredag kveld. Dette er eit arrangement for born frå fjerde til sjuande klasse. Tidlegare har det somme år vore LAN-party for ungdom fredag og natt til laurdag, men i år blir det altså diskotek. Diskoteket blir arrangert av 10. klasse ved Skei skule, og inntektene skal gå til klasseturen deira.

Eit anna nytt innslag er talentkonkurranse, noko arrangørane håpar skal bli ein suksess og eit fast innslag på komande arrangement. Her er dei ute etter alle tenkjelege talent, så dei som har noko å fortelje, synge om eller kanskje heller vil danse eller spele, må melde seg på.

Jølster-sokk

For nokre år sidan var det konkurranse om å lage den finaste Jølster-hua. I år handlar det om sokkar, der det blir konkurranse om å lage den finaste sokken til haustkalde jølstringar og andre. Her bør det bli hard kamp om førstepremien.

Elles blir det gudsteneste utanfor omsorgssenteret søndag, og for dei som vil sjå fjell og dalar frå lufta, blir det høve til helikoptertransport. Fjordhestgarden i Breim stiller med hestar til riding, og dei bilinteresserte vil få sjå utstilling av veteranbilar.

Tivoli blir det ikkje i år, men arrangørane lovar aktivitetar for både store og små, på land og i vatn, utanfor hotellet. På hotellet blir det også ølsmaking og det blir råd å prøve dansefoten der om kvelden.

Handel og vandel

Som vanleg kjem det mange tilreisande kremmarar til Skei denne helga. Nokre er nye, men mange har vore der før. Også dei lokale butikkane kjem til å markere seg med tilbod og aktivitetar.

Mellom anna blir det ein butikkrebus der det gjeld å svare rett på flest mogeleg av spørsmåla som er plasserte rundt om i butikkane. Loppemarknad blir det også, så alt i alt ligg det til rette for ei innhaldsrik helg med mange tilbod og aktivitetar.