Lars Bendik Johansen frå Oslo stakk av med førstepremien.

Dette var ei utruleg oppleving

Premiebilen til årets aurefest i Jølster reiste til Oslo, og større flaks enn han hadde, han som vann, skal det godt gjerast å ha.



Vekta som skulle treffast var uttrekt til 171 g, og Lars Bendik Johansen (55) frå Oslo leverte inn to fiskar på 170 og 172 gram.

To lodd

Ingen hadde fisk på 171 gram, men der var sju som hadde fiskar på 170 og 172 g, altså eitt gram unna vekta som skulle trffast. Dermed måtte det loddtrkning til og Johansen fekk dermed to lodd i denne trekninga som han gjekk sigrande ut av.

- Eg reiste eins ærend opp her for å vere med på dette, og hadde ikkje håp om noko som helst, og så reiser eg tilbake med ein bil til nesten ein halv million.

-Skal du ha bilen eller selje?

-Eg har bruk for ny bil, og sidan eg bur i Oslo, hadde eg eigentleg tenkt å kjøpe el-bil, men når eg no har vunne ein så flott bil, så må eg nok revurdere det, smilte den glade vinnaren.

Halvt Jølstring

Johansen er på ingen måte ukjend med Jølster og Jølstravatnet. Han har mor frå Sanddalen og har hytte der.

-Fram til eg var 18 år var vi Sanddalen heile somrane og eg har fiska mykje i vatnet. No er eg her eit par veker for året, og fiske gjer eg stadig her. Men det er første gongen at eg er med på fiskekonkurransen.

-Kjem du att neste år?

-Det gjer eg garantert. dette er eit fantastisk flott arrangement, smilte mannen som ikkje heilt klarte å svelgje at han stakk av med hovudgevinsten.

-Turen og fisket på denne fantastiske dagen var eigentleg meir enn godt nok i seg sjølv, bilen vart ein fantastisk bonus. Dette har vore ei heilt utruleg oppleving smilte Johansen før han sette seg i bilen for ein liten prøvetur.

Andrepremien, ein båt, gjekk til mannen som i dag er eigar av premiebilen frå 2014, Bjørn Øvstetun frå Øvre Årdal. Han kjøpte bilen av mannen som vann då. Han tapte altså loddtrekninga om bilen, men tok det som ein mann.

-Det var nære på, kan du seie, var kommentaren hans.

Bjørn Øvstetun frå Øvre Årdal, brukte premiebilen frå 2014 til å frakte båten sin tilbake til Sogn