Heim   >   Lokalt   >   Gloppen   >   – Dette er livsnødvendig

Driftsleiar Runar Kleppe ved Breimsbygda Skisenter har travle dagar i vente. Arkivfoto.

– Dette er livsnødvendig

– Om eg så skal spade snøen inn, skal vi opne laurdag. Garantert, seier driftsleiar Runar Kleppe ved Breimsbygda Skisenter på Utvikfjellet. 

Snøen som har kome dei siste dagane har gjort svært godt for skisenteret som så langt i år ikkje har vore i drift.

– Vi kjem til å opne heile anlegget til helga. Det er i barnetrekka vi har størst problem med snøen, vi slit mest med snømengda dei første 50 høgdemetrane. Oppe har vi rikeleg med snø, seier Kleppe og håpar på ytterlegare påfyll det neste døgnet.

Lysløypa er oppkøyrd, fram mot helga er planen å køyre løyper også utover fjellet og kanskje innover mot Støyvastøylen.

– Vi køyrer så snart som mogleg, men vi prioriterer å få heisane i drift. No blir det arbeid døgnet rundt framover, smiler Runar Kleppe og gleder seg over at Kong Vinter endeleg har gjort seg gjeldande med full tyngde.