Fylkesvåpenet som Fellesnemda for Vestland fylkeskommune har gitt si innstilling til, skal førestille eit fjordlandskap i blått og sølv. Foto: Anbjørn Holme.

Dette er innstillinga til fylkesvåpen for Vestland

Fellesnemnda for Vestland fylkeskommune har levert innstillinga si til nytt fylkesvåpen for Vestland.


Då fellesnemnda torsdag innstilte på fylkesvåpen for Vestland, hadde politikarane fleire ulike fargekombinasjonar å velje mellom. Dei gjekk for fargane djup blå og sølv, melder Hordaland fylkeskommune.


Då fellesnemnda i 2017 la opp til ein open prosess rundt det nye fylkesvåpenet, kom det i første runde i den opne innspelsfasen inn over 600 forslag. Motivet som gjekk mest igjen, handla om fjord og fjell. Folkefavoritten hadde eit kart som motiv – eit forslag som fagkomiteen vurderte som ikkje eigna.


Det blei òg arrangert ein designkonkurranse der ulike designbyrå utarbeidde motiv på grunnlag av forslag frå fagkomiteen i prosjektet.


I mars i år vart arbeidsutvalet i fellesnemnda for nye Vestland fylke einige om å arbeide vidare med eit fjordlandskap som nytt fylkesvåpen. No har dei også bestemt kva farge dei vil ha på våpenet.


Fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland skal avgjere kva som blir det nye fylkesvåpenet i juni. Begge fylkestinga må vedta fylkesvåpenet for at det skal bli tatt i bruk når dei to fylka blir slått saman til Vestland fylkeskommune 1. januar 2020. (©NPK)