Pelsdyroppdrettar Atle Roger Evebø hadde eit håp om at KrF ville greie å reversere nedleggingsvedtaket Venstre fekk gjennom i den førre regjeringsplattforma. Men håpet brast (arkivfoto).

– Dette er ein svært trist dag

– Dette er ein svært trist dag. I kampen om makt og posisjonar vert prinsippa kasta over bord, seier Atle Roger Evebø dagen etter at det er klart for ei ny fleirtalsregjering.



At Høgre, FrP og Venstre greidde finne ei politisk plattform å regjere på saman med KrF, var ikkje uventa. Spenninga knytte seg meir til kva saker dei ulike partia la i potten og vann gjennomslag for.

Reversere

For pelsdyrnæringa handla det om at KrF skulle vinne fram og reversere Venstre sin siger om nedlegging av næringa. Då regjeringsforhandlingane starta, uttrykte næringspolitisk talsmann Steinar Reiten at det var ei av sakene partiet ville slost for. Før det hadde stortingsrepresentant for vårt eige fylke, Tore Storehaug, i ein kronikk i Nationen slått fast at det ville vere nyttelaust å kome til sentrum for å be om støtte for å leggje ned pelsnæringa.

Derfor hadde næringa eit reelt håp, men same mann hoppa over frå raud til blå side i landsstyremøtet etter forhandlingane og berga fleirtalet for å akseptere forhandlingsresultatet, og dermed også heile prosjektet til statsminister Erna Solberg.

– Blank løgn

– Det viser seg at dei gløymer det dei tidlegare har sagt og kastar prinsippa over bord dersom det er snakk om makt og posisjonar, seier pelsdyroppdrettar Atle Roger Evebø.

Han viser også til at Reiten etterpå uttrykte at nedleggingsvedtaket var kome for langt til å reversere.

– Det er blank løgn, hevdar Atle Roger Evebø.

Då regjeringsforhandlingane føregjekk, fortalde han lesarane av Firda Tidend at han ville bli gjeldsslave eller gå personleg konkurs om nedleggingsvedtaket vart ståande. Erstatningsordninga tilkjenner nemleg kvar oppdrettar berre halvannan million kroner.

– Det er ikkje ein gong nok til å rydde opp etter pelsdyrgarden. Langt mindre å kunne investere i noko nytt, sa han då.

I 2025 er det slutt for produksjonen om det ikkje skjer eit nytt regjeringsskifte som reverserer nedleggingsvedtaket.

Tung dag

– Dette er ikkje nokon god dag, slo Atle Roger Evebø fast fredag etter at han i spenning hadde følgt med for å få med seg utfallet.. Han hadde eit lite håp knytt til at KrF ville lukkast. Det brast.

– No blir det interessant å sjå om erstatningsordninga blir ståande slik det er skissert i dag. I så fall er det ruin. Det er ikkje noko anna å seie om det, konkluderer han.

– Kva gjer du no?

– Ikkje så mykje. Det er berre å halde fram. Det nyttar ikkje å kaste korta no. Nedlegging er trass alt ikkje vedteke i Stortinget enno, seier han.

Ørlite håp

I tillegg har fem pelsdyroppdrettarar reist søksmål mot staten for å prøve nedleggingsvedtaket rettsleg med bakgrunn i at Stortinget i fjor vedtok å vidareføre norsk pelsdyrproduksjon som ei berekraftig, framtidsretta næring.

– Det er framleis eit håp, sjølv om det er i ferd med å bli veldig lite, seier Atle Roger Evebø.

I Eidsmona har han dei siste åra investert 5-6 mill. kroner i ein moderne pelsdyrgard.

– Kva tenkjer du om Venstre etter dette?

– Eg tykkjer lite om partiet. Venstre var eit gammalt bondeparti som no går til angrep på bøndene og har fjerna seg frå alt dei var tufta på, seier Atle Roger Evebø.

Han har ingenting å gå til dersom det blir kroken på døra og innrømmer at stemninga er laber, også hos alle yrkesbrørne han har snakka med.