Både kommunen og stiftinga Musea i Sogn og Fjordane var til stades for å ta i mot kulturministeren. F.v.: Trine Skei Grande, ordførar Oddmund Klakegg, Museumsdirektør Kjartan Aa Berge og varaordførar Jakob Andrè Sandal.

-Dette er ein del av den norske kulturarven

Kulturminister Trine Skei Grande (V) var torsdag på besøk i Astruptunet. Der fekk ho orientering av ordførar Oddmund Klakegg om det som skjer kring kunstnaren og tunet.



Kulturministeren fekk også sjå ein snutt av filmen om Nikolai Astrup som er under innspeling. Men ho fekk først og fremst beskjed om at staten må inn og vere med på finansieringa av alt som skal skje i Astruptunet framover.

Nasjonal arv

- Vi har ein tung og viktig medspelar i Sparebankstiftinga DNB, men vi treng også staten med på laget, var bodskapen frå ordføraren som gjorde det klart at på eitt eller anna tidspunkt kjem han til å troppe opp i departementet for å be om støtte. Ordføraren var også tydeleg på at det føregår ein prosess for å få opp att den lokale stemninga kring Astruptunet, ei stemning som delvis punkterte etter at besøkssenterplanane stranda for nokre år sidan.

Når det gjeld det med økonomisk støtte, så ville ikkje kulturministeren gje noko konkret svar på akkurat det.

- Først må det komme ein søknad så får vi ta det der i frå, sa Skei Grande som ikkje var i tvil om at Astruptunet er ein vesentleg del av den norske kulturarven, og at det må takast vare på.

-Det er bra at kommunen har så god dialog med DNB, det er viktig.

-Ja, men Nikolai Astrup er ein nasjonal og internasjonalt kjend kunstnar, er det ikkje då naturleg at staten tek eit visst økonomisk ansvar?

- Som sagt, først må det komme ein søknad, så får vi behandle den på vanleg måte, svara ministeren som hadde sitt første besøk i Astruptunet i 1989, og som tykte det var på høg tid med eit nytt.



Spennande hageprosjekt

Som kjent skal det gjennomførast eit stort restaureringsprosjekt som går på å setje hagen tilbake i den stand den var på Astrup si tid. Men det trengs også tiltak på bygningane og det må gjerast noko for å hindre erosjon i det bratte tunet.

- Eg tykkjer skråningane har sige, sa son til målaren, Nikolai Astrup jr. då vi møtte han i tunet for vel ei veke sidan. Det har han sikkert rett i, og tiltak mot den slags er nok mellom det som vil komme fram i rapporten til lanskapsarkitekt Ingeborg Mellgren Mathiesen som har arbeidd med dette prosjektet i meir enn to år. I august er rapporten ventande og då vil både Jølster kommune, Sogn og Fjordane kunstmuseum og stiftinga Musea i Sogn og Fjordane få vite kva som bør gjerast.

-Dette med hagen er eit veldig spennande prosjekt, og den i seg sjølv vil bli eit reisemål, meinte kulturministeren som synte til at mange reiser verda rundt for å oppleve historiske hagar.

-Det finst ein stor turistmarknad når det gjeld historiske hagar, sa kulturministeren som såg Astruparbeid ho ikkje visste om då ho fekk ei rask omvising i tunet før ho hasta vidare til opning av Førdefestivalen.



Kan vere tilbake neste år

Neste år kan ho vere tilbake på premieren på Astrup-filmen, om alt klaffar.

-Det kjem an på om de klarar å samordne det med sjøsettinga av vikingskipet på Eid. I så fall er det godt håp, sa ministeren som har hatt litt ymse opplevingar i Jølster.

22. juli 2011 var ho på ei lita rundreise i bygda for å besøke småbedrifter og ho var akkurat kommen til Eikaasgalleriet då det small i regjeringskvartalet. Partileiaren måtte avbryte besøket i Jølster og komme seg tilbake til Oslo så fort som råd var.

-Eg fekk ein telefon frå PST som lurte på kvar eg var, og eg sa at eg var i Jølster. Forbli i Jølster var rådet frå PST.

 

Tonen mellom kulturministeren og ordføraren var god, men lovnader om pengar til Astruptunet, fekk ordføraren ikkje.
I Astruptunet fekk kulturministeren sjå Astrup bilete som ho ikkje visste eksisterte.