Redaktør og dagleg leiar Aadne Gloppestad og utviklingsansvarleg Geir Skagen i Firda Tidend gleder seg over at det berre er dagar att til avisa sine nye og langt meir moderne digitale løysingar blir publiserte.

– Dette blir eit kjempestort løft

– Tysdag 9. juni kl. 10.00 ligg den nye nettsida vår ute. Det blir ei heilt ny tid både for oss som arbeider i avisa og ikkje minst for abonnentane våre, seier redaktør og dagleg leiar Aadne Gloppestad.

Fleire og fleire vel å lese aviser på nettet, og mykje av kommunikasjonen med annonsørar og abonnentar skjer på digitale flater. Slik sett er gode digitale løysingar svært viktige for alle mediebedrifter.

– Nøydde til å henge med i tida

– Vi har arbeidd i fleire månader med den nye nettsida vår, og tysdag går ho endeleg på lufta. Det blir ein stor dag, seier Aadne Gloppestad og fortel at i tillegg til at avisa si side både på PC, iPad og mobil vil framstå på ein langt meir tiltalande og brukarvenleg måte, blir det også rulla ut heilt ny e-avis.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eigen app og etter kvart ny design på papiravisa er også ein del av satsinga lokalavisa for Gloppen og Jølster no gjer for å møte framtida.

– Vi er nøydde til å henge med i tida, og nettet blir viktigare og viktigare for å få nye lesarar, tingarar og annonsørar. Vi skal framleis lage ei god papiravis to gongar i veka, men samstundes må og skal vi utvikle den digitale sida av drifta vår. Vi skal i endå større grad enn tidlegare prioritere å vere kjapt ute med det siste nye frå dekningsområdet vårt, seier Gloppestad.

Gode fellesløysingar

Det er gjennom samarbeid med Polaris Media Sør, tidlegare Agderposten Medier, Firda Tidend no får moderne og gode digitale løysingar.

– Som frittståande avis er vi avhengige av å få tilgang til løysingar som større konsern utviklar og brukar. Det får vi gjennom Agderposten sitt partnarprogram som over 20 lokalaviser er ein del av. I fleire år har dei arbeidd mykje med innovasjon og digital utvikling, og etablert gode fellesløysingar for redaksjon, abonnement og annonse, fortel redaktøren og legg til at partnarskapet gjev avisa konsernfordelar utan å vere konserneigd.

Dei nye systema gjer at avisa mellom anna kan levere betre lesaropplevingar av featuresaker, ein flott nyhende-app og tilby nyhendebrev og betre sjølvbeteningsløysingar for abonnentar.

Heilt i front

Geir Skagen, utviklingsansvarleg i Firda Tidend, fortel om ein omfattande og krevjande prosess som no snart er i mål.

– Vi kjem inn i eit velprøvd system der lesarane får eit godt produkt. Teknisk sett er dette den største omlegginga avisa har gjort på lang tid. Det inneber heilt nye måtar å arbeide på for alle i avishuset, og det har vore eit stort arbeid for å kome dit vi er no, seier han.

Det aller meste skal vere på plass til nettsida blir lansert tysdag føremiddag, men det vil bli gjort ytterlegare forbetringar i tida framover.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det kan hende lesarane må ha litt tolmod med oss, men vi håpar sjølvsagt at brukaropplevinga skal vere så god som ho kan bli allereie frå første dag. No er vi del av eit fellesskap, og Polaris Media Sør har ressursane som skal til for å få dette til å fungere så godt som mogleg, understrekar Skagen og legg til at Firda Tidend no vil vere heilt i front når det gjeld løysingar for avispublisering.

– Meir konkurransedyktige

Etter lansering av den nye nettsida, må alle abonnentar registrere seg på nytt for å få tilgang til innhaldet som ligg bak betalingsmur.

– Dei første dagane vil alle sakene ligge opne, så tingarane våre får tid til å registrere seg utan å gå glipp av noko. Som ei lita gulrot trekkjer vi ut tre gåvekort på tusen kroner i valfri forretning i Gloppen og Jølster mellom dei hundre første som loggar seg inn. Både gamle og nye abonnentar er med på trekninga, seier Aadne Gloppestad som ser fram til «ei ny tid» i avisa:

– Dei nye løysingane gjer oss langt meir konkurransedyktige, og mange arbeidsprosessar internt blir kjappare og enklare å gjennomføre. Også på delar av det administrative området vil vi kunne arbeide meir effektivt og rasjonelt. Samstundes er det ikkje til å leggje skjul på at omleggingane er omfattande og ressurskrevjande, og det vil gå litt tid før det heile har gått seg til. Lesarane vil kanskje oppleve at papiravisa blir litt tynnare i ein overgangsperiode, men vi håpar snart å vere heilt oppe og gå med eit nytt, betre og meir framtidsretta produkt.