Det vart ein strålande 17. mai

Eit glitrande veir skapte ei flott ramme for nasjonaldagen. Og folk nytta høvet og laga ein skikkeleg folkfest rundt i grendene våre.

Vi har fått inn ein del bilete frå dagen, og her er noko av det som har skjedd i dag. Har du kjekke bilete frå markeringa der du var, så send dei gjerne til oss på epost redaksjon@firdatidend.no, og vi presenterer eit utval på nett og papir.



Klikk på bileta for større versjon.

Godt oppmøte ved omsorgsenteret i Gloppen.
Ingunn Berg i toget på rygg. Ho har bursdag på nasjonaldagen.
Synne og mormor klar for 17. mai.
Kristina Eide (13) og Vilte Cepukenite (13) spelar stablespel. Petter Olav Rygg følgjer med på kor høgt tårnet blir.
Nordstranda skule syng Nordfjordsangen.
Det store andesleppet avslutta folkefesten i Jølet, og tok den bokstavleg talt med seg ned til Grandeparken.
Breim skulekorps og Sandane skulekorps og drill opp Breimsvegen.
Frå folkefesten i Jølet.
Frå folkefesten i Grandeparken på Sandane.
Speidarane helsar flagget på Heradsplassen på Sandane.