Home   >   Nyhende   >   Det varme sommarvêret kan føre til meir småkryp i kornprodukt

Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB scanpix.

Det varme sommarvêret kan føre til meir småkryp i kornprodukt

Sommarvarmen gjer det vanskelegare å stoppe oppblomstring av møll i kornprodukt, hevdar bransjen.

– Det første eg ser når eg opnar havregrautpakken er denne møllen som svimar rundt. For nokre månader sidan skjedde det same, også den gong med graut frå Axa. Då tenkte eg at det må vere ein feil i produksjonslinja deira, seier forbrukar Tor Siverstøl til NRK.

Tidlegare marknadssjef i Axa, Ådne Nerhus, fortel til NRK at opplevingane til Siverstøl ikkje er uvanlege i slik varme som ein har hatt i store delar av Noreg i sommar.

– Varmt vêr kan ha ført til larveutvikling, sjølv om pakken var fri for larvar då den forlèt fabrikken. Dette er heilt naturleg. Korn er eit levande produkt, seier han til statskanalen.

Mattilsynet opplyser at det ikkje er uvanleg at det blir oppdaga mjølbiller og andre småkryp i kornprodukt. Dei oppfordrar forbrukarar til å vere ekstra nøye med reingjering av matskåp i sommarvarmen. (©NPK)