Heim   >   Fylket   >   – Det som skjer i Sogn og Fjordane er dramatisk

Ingvil Smines Tybring-Gjedde. Foto: Thomas Brun, NTB Scanpix.

– Det som skjer i Sogn og Fjordane er dramatisk

Samfunnstryggleikminister Ingvil Smines Tybring‐Gjedde (Frp) kallar den uavklarte rassituasjonen i Sogn og Fjordane dramatisk.

– Det er dramatisk det som skjer i Sogn og Fjordane, og eg følgjer situasjonen tett. Justis- og beredskapsdepartementet er i kontinuerleg kontakt med underliggjande etatar for å sikre at dei har dei nødvendige ressursane for å handtere situasjonen, opplyser Tybring-Gjedde i ein e-post til NTB.

Ho seier ho vurderer å reise til dei rasramma områda, men at ho ventar og ser.

– Eg vil òg veldig gjerne lytte til dei som no handterer situasjonen lokalt, men vil vente slik at mannskapa får gjere arbeidet sitt uforstyrra medan situasjonen går føre seg, seier ho vidare.

Ei rekkje vegar er sperra, og fleire bygg er øydelagde av dei store jordmassane. ©NPK)