Heim   >   Fylket   >   Språkkjendis kjem til Sandane

Helene Uri.

Språkkjendis kjem til Sandane

«Han køyrer som ei kjerring» eller «No må du ta å manne deg opp». Du har heilt sikkert høyrt det og kanskje sagt det sjølv, utan å tenkje så mykje gjennom slike uttrykk. Men det har professor og språkvitar Helene Uri gjort. Ho kjem til Sandane for å fortelje meir om språk, kjønn og makt.

– Det er ingen tvil om at det ligg mykje makt i språket, og korleis vi uttrykkjer oss. Dei orda vi vel å bruke, betyr mykje meir enn ein trur. Og dette er ikkje berre filologisk flisespikkeri, men handlar om påverknad og maktutøving i dagleglivet, seier Helene Uri (55). Ho veit kva ho snakkar om, som språkvitar, professor II i skrivekunst på Norsk barnebokinstitutt og forfattar av meir enn 30 bøker omsett til 20 språk, både faglitteratur og romanar. For boka «Hvem sa hva», som handla om språk, makt og kjønn, fekk ho i 2018 Brageprisen.

Humoristisk formidlar

Vi kan også trygt kalle henne ein av våre fremste språkkjendisar, fordi ho både skriftleg og munnleg har stått fram som ein dyktig og humoristisk formidlar av sin faglege språkkompetanse.

For nokre år sidan var ho fast i Nitimen og snakka om språk, i 2018 overtok ho språkspalta i Aftenposten etter, vi hadde nesten sagt, sjølve Per Egil Hegge. Men det ville kanskje vore eit lite maktgrep, så vi slår heller fast at den eine kapasiteten avløyste den andre i avisa si kjende språkspalte.

For det er nettopp korleis ein brukar språket som hersketeknikk, halde på gamle kjønnsrollemønster, undertrykke, Helene Uri vil snakke om i dette foredraget. Korleis orda ein vel å bruke påverkar bodskapen. Og det er slett ikkje eit nytt fenomen, om nokon skulle tru det.

Har ikkje endra seg

– Nei, eg trur dette har eksistert i ei eller anna form så lenge menneske har kommunisert med kvarandre, seier Helene.

Sjølv om vi det siste tiåret har vore gjennom ein digital revolusjon som har endra på mykje, gjeld ikkje det innhaldet i det vi formidlar.

– Den digitale revolusjonen har ført til ei demokratisering av skriftspråket, gjort det meir allment. No skriv så å seie alle, og deler det med mange. Men bruken av språket som eit maktmiddel har ikkje endra seg, no råkar det berre så mange fleire.

– Må dyrke språket vårt

Mange med interesse for språket vårt er bekymra for at bruk av engelsk breier seg stadig meir utover på ulike arenaer og arbeidsplassar her til lands. Samtidig har vi brukt mykje energi på heimlege språkstridar, om nynorsk og bokmål og slikt.

Men Helene Uri er ikkje sikker på at det er rett å legge desse språkkampane til sides, for å mobilisere mot for sterk påverknad av engelsk.

– Nei, eg trur ikkje at det er nokon motsetning i dette. Og det er vel lenge sidan vår heimleg språkstrid har vore så fredeleg som no. I den grad vi kjempar for det norske språket, enten det no er nynorsk eller bokmål, er det positivt. Det er haldningane våre som er viktige, at vi er bevisste på kva vårt eige språk  betyr for oss og identiteten vår, dyrkar det og ikkje berre let oss rive med i ein medvitslaus bruk av engelsk.

Oppdaga samiske slektsrøter

I arbeid med ei av bøkene sine for nokre år sidan, gjorde Helene ei heilt spesiell oppdaging. Ho fann ut at deler av slekta hennar var samisk, men at dette hadde vorte forteia i familien i fornorskingsperioden.

– Det vart ei sterk oppleving for meg. Det har nok gjort noko med meg som menneske, men når det gjeld språk og det faglege har det ikkje hatt so mykje å seie. Det å vite at eg har samiske slektsrøter, har gjort meg rikare som menneske, men eg kjenner også på eit tap, fortel Helene.

For då ho gjorde denne oppdaginga, var alle dei som kunne fortelje meir om slekta og historia deira borte.

Glad i nynorsk

Helene kjenner også ein slektskap til Vestlandet.

– Familienamnet Uri kjem frå Valldalen på Sunnmøre, og i alle feriar har eg inntil nyleg vore på slektsgarden i Romsdalen. Syster mi var fødd i Årdal, så det renn ein del vestlandsblod gjennom årane mine. Vestlandet er landsdelen som står meg nærast, etter Austlandet der eg bur.

I profesjonell samanheng brukar Helene den språkvarianten som kler innhaldet best. Sjølv om ho privat brukar bokmål,  er ho også glad i nynorsk.

– Eg har eit utmerka forhold til nynorsk. Eg har gjeve ut to bøker på Samlaget på nynorsk, og har skrive det feilfritt, seier ho.

Så det å kome over til Nynorskens skog i Sogn og Fjordane er noko ho ser fram til.

– Ja, eg gler meg stort til å kome til Sandane og snakke om korleis vi brukar språket vårt.

Og om nokon skulle sitje inne med gode språkspørsmål etter foredraget, vil ho nok «vere mann for å svare for seg», for å halde oss til kveldens tematikk…