Heim   >   Nyhende   >   Det kan bli slutt på sommartid

Går du i surr i kva veg du skal stille klokka, er det greit å vite at ho alltid skal bli skrudd mot sommaren. Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen/NTB scanpix/NPK.

Det kan bli slutt på sommartid

EU sin transportkomité er positiv til å slutte med sommartid i 2021. Dersom det blir vedteke, vil næringsministeren ha ei avstemming i Noreg.

Tidlegare denne månaden stemte eit fleirtal i EU sin transportkomite for å avvikle ordninga med normal- og sommartid. Forslaget er å stille klokka for siste gong i 2021, melder Nationen.

No skal saka bli behandla av rådet til medlemslanda, før kvart land sjølve bestemmer kva dei vil gjere.

Dersom EU går inn for berre å ha éi tid, vil næringsminister Torbjørn Røe Isaksen ha ei folkeavstemming om vi skal behalde sommar- og vintertid i Noreg. Her til lands har det vore sommartid permanent sidan 1980. Før det har ordninga eksistert i periodar, første gong var i 1916.

Bakgrunnen for forslaget om å kutte sommartida, er forsking som viser at å stille klokka har negativ effekt på helsa.

På søndag skal vi igjen stille klokka mot sommartid. Klokka to natt til søndag stiller vi klokka mot tre. Sommartida varar fram til 27. oktober.

Totalt har 142 land på eit eller anna tidspunkt brukt sommartid, men stadig flere land går no bort fra ordninga, ifølge snl.no. (©NPK)