Styreleiar i Sunnfjord Energi, Arvid Andenæs var ikkje i tvil om at fusjon med BKK er det beste for Sunnfjord Energi.

- Det har vore ei vanskeleg sak

Styreleiar Arvid Andenæs i Sunnfjord Energi var torsdag på turné i tre kommunestyremøte i Sunnfjord for å orientere om fusjonsprosessen mellom Sunnfjord Energi og  BKK



Med seg hadde han konsernleiinga i Sunnfjord Energi og BKK, og rundreisa starta i Jølster der kommunestyret fekk høyre siste nytt om fusjonsforhandlingane.

Lite nytt

For dei som har følgt med litt i denne saka, så var det lite nytt å hente. Det einaste måtte i så fall vere at kontantbeløpet som BKK tilbyr, i tillegg til 5.6 av aksjane i selskapet er auka frå 29 til 60 millionar. Dette meinte Arvid Andenæs er betre enn ein kunne vente og betre enn kraftanalytikarar har sett føre seg.

-Men dette har vore ei vanskeleg sak, det legg eg ikkje skjul på. Vi kan nok halde fram som eige selskap, men det vil skape utfordringar i høve til kostnadsjakt.

Sunnfjord må låne 

Ordføraren i Jølster har tidlegare lufta tankar om at dei fire kommunane i indre Sunnfjord, som snart blir ein, kunne slå seg i hop og danne eit holdingsselskap som i sin tur kunne kjøpe Fjaler sine aksjar i Sunnfjord Energi som dei har sysla med tankar om å selje til BKK. Sunnfjord ville i så fall få kontrollerande mindretal med over 40 prosent av aksjane.

-Det er ikkje sikkert at framtidig utbytte frå Sunnfjord Energi vil dekke renter og avdrag, sa Arvid Andenæs som kommentar til dette, noko som utløyste kraftig hovudristing frå ordførar Oddmund Klakegg. Andenæs gjorde sjølvsagt også eit vesentleg poeng av at det er lova 30 prosent lågare nettleige ved ein fusjon med BBK.

Vanskeleg

Konsernsjef i BKK, Jannicke Hilland, var også til stades og og ordførar Oddmund Klakegg minte om at det har vore investert omlag tre milliardar i Jølster siste 15 åra når det gjeld kraftproduksjon, noko som har gjort Jølster til den desidert største kraftkommunen i Sunnfjord. BKK er stor eigar både i SFE og Sunnfjord Energi og ordføraren lurte på om BKK framleis vil vere med på kraftutbygging i regionen, etter at selskapet hoppa av Jølstra, men i si tid var med på utbygginga i Kjøsnesfjorden.

-Jølstra var den vanskelegaste saka eg har hatt i mi tid i BKK. Både Kjøsnesfjorden og Jølstra er marginale kraftverk når det gjeld økonomi. Vi var likevel klare til å vere med i Jølstra, heilt til vår største eigar, Statkraft, sette foten ned, sa Jannicke Hilland som var klar på at dei er nøydde til å ha lønsemd i prosjekt dei skal investere i.

Adm. dir i Sunnfjord Energi, Fredrik Behrens, sa det slik:

-Tida for å sikre investeringane våre i Jølster er no. Det er betydeleg risiko i dei to selskapa framleis.

Feilfri prosess

Den siste som hadde ordet, etter at kraftfolka var reiste vidare, var advokat Roy Slettevoll frå advokatkontoret Selmer i Oslo. Han har vore hyra inn av eigarkommunane for å gå gjennom fusjonsprosessen og dei avtalane som er forhandla fram.

-det har vore ein god og førebiletleg prosess. De har fått ei betre avtale enn det Fjaler fekk til gjennom sine forhandlingar. De har rett og slett gjort ein god bytehandel når det gjeld aksjane og de har fått eit godt kontantbeløp og eit godt avtaleverk, sa advokaten som ikkje klarte å finne eit einaste minus ved det framforhandla resultatet. Men han sa riktig nok ikkje noko om eigarskap og kontroll, to ting som vil fordufte frå dagens eigarar om det blir noko av fusjonen.

 



 

 

 

 

Konsernsjef i BKK, Jannicke Hilland var klar på at ho må ha lønsame kraftprosjekt om det skal vere interessant å investere.