Mange dansarar var i sving rundt jonsokbålet.

Det flamma over Jølster

Innspelinga av Astrupfilmen "Flammen over Jølster"  nådde ein ny milepåle, då jonsokbålet, priselden, vart filma onsdag.



Jonsokbål er vel det meste ikoniske som finst når det gjeld Astrup sin kunst og sjølve symbolet på denne kunstnaren som no får både spelefilm og TV-serie.



Den unge Astrup

Måndag såg vi ei tretten år gammal utgåve av kunstnaren i Ålhuskyrkja, den som var å sjå under jonsokfeiringa på Nedrebø på Ålhus onsdag var ein 16 år gammal Astrup, spela av Filip Rasmussen frå Bergen.

- Jonsokfeiringa blir framstilt gjennom den unge Astrup sitt blikk, sa regissør Pål Øye då vi snakka med han tidlegare i veka.

-Dette er utruleg spennande, men eg kjem nok til å få problem med Jølster-dialekta, sa Filip då vi snakka med han i ein av pausane under opptaka. Filip har, trass i sin unge alder hatt fleire roller på Den Nationale Scene i Bergen, mellom anna i Kristin Lavransdatter og Hellemyrsfolket, og han vart kalla inn til prøvefilming i samband med Astrupprosjektet.

-Det er veldig gøy å jobbe med Astrup. Han var ein spennande type med mange talent. Å få lov til å vere Nikolai Astrup i denne filmen er ei stor ære, smilte Filip som går på dramalina på Fyllingsdalen vgs. og skal vere med i eit par scener til, mellom anna til hausten når filmteamet kjem tilbake til Jølster.



Mange har støtta opp

Under innspelinga onsdag var ein stor del av dei lokale sponsorane til stades for å sjå på innspelinga og bli orienterte om prosjektet. Tysdag vart det kjent at Sparebankstiftinga DnB hadde lagt fem millionar i potten for å hjelpe til med finasieringa.

-Ein føresetnad for at dei vart med, var at vi kunne klare å skape lokalt engasjement for prosjektet og kunne reise lokal kapital. Då eg hadde det første møtet med filmfolka for nokre år sidan, vart det sett krav om at eg skulle skaffe sju millionar, så skulle dei ordne resten, eit liknande beløp, fortalde ordførar Klakegg som måtte vente ei stund før han fekk beskjeden frå Sparebankstiftinga.

-Filminnspelinga var godt i gang og pengane rulla medan eg ikkje var sikker på å få min del av kontrakta i boks. Men det er alltid lettare for ein ordførar å bruke pengar han ikkje har, enn for ein rådmann sa ordføraren og såg på rådmannen som også var til stades.



I mål 

Onsdag kunne ordføraren konstatere at dei sju millionane var på plass, og vel så det. Dermed er prosjektet med eit budsjett på mellom 11 og 12 millionar finansiert. I tillegg til dei fem millionane frå Sparebankstiftinga DnB, har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane gått inn med 800.000. Næringslivet i Jølster og resten av Sunnfjord har også gjort sitt og frå Jølster vart det samla inn 450.000, medan næringsfondet for Sunnfjord også gjekk inn med 450.000. Førde industri og næringssamskipnad gjekk inn med  med 100.000. Den siste lokale støttespelaren var Vestnorsk filmsenter med 580.000. Tilsaman resulterte den lokale dugnaden i 7.2 millionar kroner, noko både ordføraren og filmskaparane var godt nøgde med.



-Vi har veldig god tru på denne filmen, og vi har godt håp om å få den ut internasjonalt, sa produsent Finn Loftesnes som har avtale med NRK om TV-serie, men som håpar på å få filmen ut i fleire kanalar.



lang kveld

-Det har vore ein fæl dag sa Sigmund Eikås i Johannes B. Nedrebø (Bensen) sin skapnad. Det Eikås sikta til var kulden som gjorde fingrane lite eigna til å spele fele med. "Bensen" er spelemannen som er med på Astrup-måleriet "Priseld" og han var ein kjend og dyktig spelemann på Astrup si tid.

Kor mange statistar som var med er uvisst, men det var mange, i alle aldrar og i kostymer frå 1890-talet. Den gravide jenta på "Priseld" vart spela av Reidun Melvær Berge frå Sogn og Fjordane Teater. Det alle opplevde var ein kald kveld der gradestokken kraup ned mot fem grader på slutten, og der somme var i sving i meir enn seks timar.



-

 

 

 

Sigmund Eikås var sjølvskriven i rolla som spelemannev Johannes B. Nedrebø "Bensen"
16 år gamle Nikolai Astrup spela av like gamle Filip Rasmussen.
Bygdefolket samlar seg til jonsokfeiring. I utkanten står den gravide jenta og ser på.
Kommuneleiing og lokale sponsorar var på plass for å bli orienterte om filmprosjektet.
Rådmannen i Jølster, Ellen Jensen blir orientert om filmprosjektet av produsent Einar Loftesnes
Den gravide jenta på "Priseld" vart spela av Reidun Melvær Berge