– Ofte er det slik at når éin person kjenner seg mobba eller er utrygg, må vi rekne med at det er fleire som ikkje har det bra, sa Aina Drage, mobbeombod i Sogn og Fjordane.

– Det er viktig å vere del av fleire fellesskap

Breim skule inviterte sist veke føresette og elevar i 4.-7. klasse til temakveld om inkludering og førebygging av mobbing. – Det er viktig å vere del av fleire fellesskap. Det gjev oss fleire bein å stå på, og då står vi stødigare, sa Aina Drage, mobbeombod i Sogn og Fjordane.



Med den gylne regel som utgangspunkt – gjer mot andre det du vil at andre skal gjere mot deg – sende rektor og leiar i foreldrearbeidsutvalet ut invitasjon til heimane. Sist tysdag møtte dei eldste elevane opp på skulen i lag med foreldra.

Eit felles ansvar
– Det er første gong vi samlar elevar, foreldre og vaksne ved skulen på same tid. Dette er noko vi må løyse i lag. Skulen greier det ikkje åleine. De som foreldre greier det ikkje åleine, og heller ikkje elevane greier det åleine. Eit trygt og godt skulemiljø er eit felles ansvar, og eg håpar at vi alle vil kjenne litt på dette ansvaret når vi går heim igjen i kveld, innleia rektor Marianne Kårstad Raad.

Ho hadde bede mobbeombodet i Sogn og Fjordane, Aina Drage, Vilde Sårheim og helsesjukepleiar Henny Klakegg Børset halde kvar sine innlegg for dei frammøtte før dei gjekk til klasseromma for gruppearbeid. Mellom innlegga viste rektor tre videoar om mobbing og utestenging på storskjerm – til refleksjon og ettertanke.

– Vi må vere modige
Aina Drage jobbar i det daglege med å førebyggje og følgje opp mobbing.

– Alle kan bidra til eit godt skulemiljø, og vi må vere modige. Det må vi øve på kvar dag. Vi må våge å seie kva vi meiner, og vi må våge å ta eit standpunkt. Då blir ting så mykje lettare når det verkeleg gjeld, sa ho.

Ho er mobbeombod for born i barnehage og grunnskule, og blir kontakta av både foreldre, lærarar og rektorar.

– Å førebyggje mobbing handlar om å kjenne at ein høyrer til. Det er fint om borna kan kjenne at dei er del av eit fellesskap også andre stader enn heime – i klassa og i eit miljø på fritida. Å førebyggje mobbing handlar om å bli kjende med kvarandre. Difor er det viktig å skape møtepunkt. Det handlar også om å gjere noko i lag. Då får vi ein felles referanse. I tillegg handlar det om å ha ein akseptabel standard og følgje denne opp – slik dommaren gjer i ein fotballkamp, fortalde Drage.

– Viktig å høyre til
For enkeltindividet handlar det om å utvikle sosiale ferdigheiter.

– Spesielt viktig er det med empati, sjølvhevding og problemløysing inn i sosiale fellesskap. Samtidig er det viktig å forstå kva mobbing er. Endå betre er det å forstå korleis mobbing veks fram. Det kan vere mange grunnar til at mobbing oppstår. Det som i alle fall er sikkert er at det ikkje er den som blir mobba si skuld. Det er heller ikkje eitt anna menneske si skuld – det er gjerne samansett, sa ho.

Alle har ein lengsel i seg etter å høyre til.

– Viss vi får ei magekjensle av at nokon ikkje vil ha oss med, blir vi redde for å bli utestengde. Det kan balle på seg, og vi kan begynne å gjere ganske klønete ting. Frykta for å stå utanfor kan få oss til å gjere ganske ekstreme ting for å bli sett eller høyrt. Det kan til dømes føre til at vi bryt reglar, peika mobbeombodet på.

Grupper med svak vi-kjensle
I nokre fellesskap er vaksne til stades og passar på, men ikkje i alle.

– I grupper utan vaksne gjer vi det gruppa forventar av oss, og nokre har gjerne meir makt enn andre. Viss vi vaksne klarer å etterspørje det å vere modig, blir det langt meir spennande å vere det. Det kan vere lurt, meinte Aina Drage.

Forsking viser at mobbing kan oppstå i grupper der ein ikkje har jobba med normer og verdiar.

– Då får ein nemleg ei gruppe med ei svak vi-kjensle. Ein passar ikkje på alle, kanskje berre seg sjølv og besteveninna. I ei slik gruppe kan det oppstå erting og ufin språkbruk, viste ho til.

– Gode vener er viktig
Helsesjukepleiar Henny Klakegg Børset er på Breim skule kvar måndag, og kjenner skulen godt. Under temakvelden sette ho søkjelys på kva konsekvensar mobbing og utestenging kan få.

– Dei som blir utsette for mobbing og trakassering får svært lite tru på seg sjølv, dei får dårleg sjølvkjensle og sjølvtillit. Dei kan kjenne seg einsame, triste og redde. Mange får vondt i hovudet og magen, er kvalme og anspente. Nokre kan ha problem med å sove. Mobbing og utestenging kan føre til dårlege prestasjonar og skulefråvær, fortalde ho.

Børset viste samtidig til faktorar som kan redusere konsekvensane av mobbing.

– Det å ha ein god og trygg familie og gode familierelasjonar er viktig. Det å ha støtte frå andre jamgamle og ha vener vil vere ei god hjelp. Å vere del av eit godt skulemiljø og å ha eit godt forhold til dei vaksne på skulen er viktig om ein blir utsett for noko vanskeleg, peika ho på.
Det motsette av mobbing er gleding.

– Kva kan vi gjere for å glede kvarandre meir i kvardagen? Kva kan eg gjere for å sikre at alle er med – både på skulen og i fritida? De foreldre er rollemodellar. Tenkjer vi over det vi seier og gjer? Og har vi kapasitet til å tenkje på fleire enn våre eigne born, spurte helsesjukepleiaren.

– Engasjementet var stort


– Tilbakemeldingane frå både foreldre og elevar etter temakvelden var gode. Vi fekk også tilbakemelding på ting som kan justerast og endrast på. Sjølv opplevde eg gode refleksjonar og diskusjonar under gruppearbeidet rundt om på klasseromma. Det var stort engasjement, seier rektor Marianne Kårstad Raad.

Videoane som vart vist på storskjerm i gymnastikksalen gjorde eit sterkt inntrykk på mange.

– Vi har fått nokre tilbakemeldingar på at dette kanskje vart for sterkt for elevar i 4. klasse. Det kan så vere, men dette er ein del av røyndomen til born og unge i dag. Filmane skal påverke oss og få oss til å tenkje. Dei skal vere eit utgangspunkt for diskusjonar mellom foreldre, elevar og tilsette. Gjennom sosiale media kan mobbing skje kvar som helst – også når elevane er heime. Difor må vi få alle på bana i det førebyggjande arbeidet, seier rektor.

Kvar gruppe sette opp nokre punkt som er viktige for å skape eit godt og trygt skulemiljø.

– I samarbeid med FAU skal vi sjå på desse prioriteringane og setje opp nokre køyrereglar for skulen vår. Vi er ein pals-skule, og jobbar kontinuerleg med å få elevane til å vise ansvar, omsorg og respekt, fortel ho.