Minister for samfunnstryggleik, Ingvil Smines Tybring-Gjedde, fekk høyre dramatiske historier frå Marianne Slåtten og borna Margrete, Elias og Jakob. Ho var oppteken av om borna var redde for å flytte tilbake.

-Det er sjokkerande å sjå

– Dette er ei alvorleg hending som eg og resten av regjeringa tek på største alvor, sa tryggleiksminister Ingvil Smines Thybring-Gjedde (Frp) då ho onsdag vitja Jølster. Der fekk ho møte nokre av dei som er råka.



– Eg har eit stort og blødande hjarte for alle som er råka av dette, sa ministeren under orienteringsmøtet med kommunen og involverte etatar.
Besøkte Slåtten
Etter møtet på Vassenden skule, der ministeren fekk ein gjennomgang av hendingane og det som har vore gjort etterpå, gjekk turen til bruket og tunet til Erlend Slåtten. Der kom fleire store ras ned på eigedomen og det eine hadde retning rett mot tunet, men stoppa litt ovanfor husa. Vest for tunet er svært mykje av ein teig på 70-80 dekar rasert.
– Eg har aldri sett på tunet som ein farleg plass, men no må eg visst skifte meining, sa kårkall på bruket, Halvor Slåtten (66). Både han og kona, ungfolket på bruket og barneborna flytta då raset kom, og er ikkje flytta tilbake.
– Det er ikkje aktuelt å flytte tilbake før her er rydda opp og før vi er sikre på at det er trygt, var beskjeden ministeren fekk frå Erlend Slåtten, som no bur på Ålhus saman med familien.



Lova hjelp
Statsråden for samfunnstryggleik i Justis- og beredskapsdepartementet var tydeleg skaka over det ho fekk sjå og høyre, og ho var interessert i å høyre korleis familien opplevde den dramatiske ettermiddagen og kvelden då rasa kom og dei måtte flykte. Ho gjorde det også klart at dei som bur der vil få hjelp.
– Vi kjem til å bruke dei budsjetta vi har for å hjelpe, sa ministeren, som måtte svare på spørsmål om kvifor mobilnettet stadig kollapsar under krisesituasjonar.
– Dette har eg teke tak i, og eg har kalla inn digitaliseringsministeren til eit møte der eg vil høyre kva han meiner kan gjerast for å betre på dette. Mobile basestasjonar, basert på droner kan vere eit alternativ, sa ministeren, og var tydeleg på at det ikkje er godt nok slik det er no.



Kva med NVE?
Ifølgje NVE sine eigne utrekningar, manglar etaten rundt fire milliardar kroner for å utføre dei sikringstiltak som trengs i vassdraga rundt om.
– Vil dei få desse pengane, spurde vi ministeren.
– Lista til NVE kan heilt sikkert bli mykje lenger. Vi kan garantert bruke eit heilt pensjonsfond på rassikring og likevel vil det vere plassar vi ikkje får gjort noko med. Men samferdsleministeren har fått ein stor ekstra pott til rassikring her i fylket, og vi har auka budsjettet til NVE kraftig.
– Ja, men den potten du snakkar om, handlar vel om sikring av vegnettet?
– Det er riktig, men det viser at regjeringa tek rassikring på alvor, sa ministeren, som heller ikkje ville vere med på kritikken av politiet som har kome fram, ein kritikk som har gått på lite ressursar i rasområda første kvelden.
– Eg vil sjå evalueringa som kjem i etterkant av dette, før eg seier noko om det.

 



 

Det var ein alvorleg og prega minister som besøkte familien Slåtten og som lova å hjelpe.
Erlend Slåtten hadde mange spørsmål og tankar som han delte med statsråden.
Trygglleiksministeren ville ikkje vere med på kritikken av politiet. Her i lag med regionlensmann Dag Fiske.
Jakob slåtten er eit svært lovande fridrettstalent. På ein grusveg like ovanfor tunet har han ei improvisert treningsbane. Slik ser den ut etter at raset kom.