Heim   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Det er i Hyen det skjer til veka

Tove Hanne Ommedal ser fram til ei fin veke med mykje liv og røre i Hyen kommande veke.

Det er i Hyen det skjer til veka

Komande veke går det tradisjonelle sommararrangementet i Hyen av stabelen, og det har gått frå å vere ei friluftshelg til ei friluftsveke.

– Det blir aktivitetar for den aktive, den nysgjerrige, den leikne, den kreative og den drøymande, skriv arrangementssjef Tove Hanne Ommedal i Friluftshelg-avisa.

Støylsbesøk

Det heile startar måndag med olsokløp frå Ommedal til Ommedalsstøylen, og støylane i Hyen er på mange måtar eit gjennomgangstema i årets Friluftshelg. Fjellturen torsdag går frå Rongkleiva og forbi eit par støylar som høyrer til Rønnekleiv og på Gjengedalsstøylen blir det høve til yoga same kveld. På Aa-støylen blir det friluftsgudsteneste søndag og i Straumsbotnen der ein av støylane til Straume ligg, blir det overnattingstur onsdag. Såleis skulle det vere høve til å få med seg i alle fall minst ein av støylane i Hyen denne veka.

Kulturvandring

Noko som har vore fast innslag under friluftshelga siste åra er ei kulturvandring. Dette er eit populært opplegg, og i fjor var mykje folk samla for å høyre historia om busetnaden i Dalelia i Gjengedalen. I år er det Holme og historia der som blir tema under kulturvandringa tysdag. Her kan det bli mykje interessant å høyre om for dei som tek turen.

Musikk og dans blir det også høve til, og i år får arrangørane besøk av langvegsfarande spelemenn frå Trondheim. Dei skal både spele til dans fredag og ha konsert. Fredag blir det også flakedans på Vågen med Hyen spelemannslag.

Den tradisjonelle kyrkjekonserten blir også i år i kyrkja laurdag og same dag blir det triatlon i same løype som i fjor. Det blir også idrett onsdag. Då er det nasjonalt friidrettsstemne som står på programmet og for dei som likar å skyte, blir det trening på skytebana torsdag og innandørs luftgeværskyting fredag og laurdag.

Litt av kvart rundt Columbus

I sentrum blir aktivitetane som vanleg konsentrerte i og rundt Columbus. Der blir det fotoutstilling, handverksutstilling og mykje meir. Mellom mykje anna spennande kjem det ein «Gråtass» på besøk, og det blir riding og padling. Brannbil blir det også høve til å sjå, og det blir tipping av fiskevekt.

Varierte aktivitetar skapar sjølvsagt behov for mat, og det blir det råd å få kjøpt ved Columbus der det også blir salsutstillingar.

Når hyarane mobiliserer for å arrangere Friluftshelg, er svært mange involverte for å få arrangementet i hamn. Her som elles er dugnad både viktig å avgjerande for eit godt resultat.

 – Alt er i rute

Tove Hanne Ommedal meiner at det aller meste skal vere i rute, og klart til det som skal skje neste veke.

– Det einaste vi ikkje har kontroll på er vêret, men vi håpar å få nokre fine dagar i neste veke, seier Ommedal, som ikkje er heilt sikker på kor lenge Friluftshelga har vart i ei heile veke, men ho meiner det er minst 15 år.

– Har de vurdert å skifte namn på Friluftsveka?

– Ja, det har vore diskutert, men det er noko med at namnet Friluftshelga er godt innarbeidd over lang tid. Likevel, vi ser heilt klart at det andre namnet ville fungert heilt fint, seier Ommedal, som ser at dei treng heile veka for å få avvikla alt, utan for mykje kollisjonar.

– Vi prøver å legge til rette slik at flest mogeleg  får eit tilbod, seier ho.

Etter velkjend mal

Årets arrangement ruslar fint i fotspora til dei tidlegare, utan dei store nyheitene på plakaten. Men Tove Hanne Ommedal har ein artig konkurranse på lur til dei som blir i sentrum i løpet av helga.

– Vi prøver å endre litt på sentrumsaktivitetane frå år til år, og i år kjem vi til å ha kar med levande fisk som publikum før høve til å tippe vekta på. Vi kallar det «Tipp på aure og vinn ein laks». Dette har vi tru på kan bli litt artig og spennande. Spennande blir det også når det gjeld utstillinga av handverk. Vi veit nemleg ikkje kva som kjem før utstillinga heng der, men vi håpar og trur at det vil dukke opp nokre gamle skattar.

– Kulturvandringa brukar å vere populær?

– Ja, absolutt. Denne vandringa trekkjer stadig meir folk. Det tykkjer vi er veldig kjekt, og det er utruleg kva desse grendelaga rundt om i bygda klarar å hoste opp av emne for desse vandringane. Det er også imponerande kva bygdefolket stiller med av dugnad. I ei bygd med 400-500 menneske er det rett og slett imponerande, seier arrangementssjefen, og er klar til å ta i mot alle som ønskjer seg friluftsaktivitetar og litt innandørs kommande veke.