Home   >   Nyhende   >   Det bognar av norsk frukt i butikkane

Illustrasjonsfoto: Kari Hamre/NPK.

Det bognar av norsk frukt i butikkane

Utvalet av frukt og grønsaker på marknaden er stor. Etterspurnaden etter somme varer gir høgare prisar, opplyser Landbruksdirektoratet.

Alle eplesortar, med unntak av rubinstep og elstar, er no på marknaden. Hovudsortar er discovery og summerred, medan aroma er i startfasen.

– Med god tilgang er det berre å fråtse! skriv direktoratet.

Det er venta at prisane på eple går ned til veka. Fleire sortar plomme er i butikkane, men hovudsortane er reevs og jubileum. Prisen er venta å vere stabil. Pærer har kome og aukar i omfang. Både ingeborg, celina og clara frijs er å finne i fruktdisken. (©NPK)