Samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) Foto: Bjørn Ivar Voll/NPK.

Det blir enklare å få førarkort til mopedbil

Samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) varslar at det blir enklare å utvide førarkortet frå traktor til mopedbil


– Vi skal i større grad ta omsyn til likskapar mellom traktor og mopedbil, og gi dei unge større fridom til å velje køyretøy. Vi gjer det no derfor enklare å utvide førarkortet til mopedbil for dei som allereie har førarkort for traktor, seier Dale i ei pressemelding.


Han peikar på at endringa vil gjere mopedbil til eit supplement for dei som elles køyrer traktor, og eit alternativ til tohjulsmoped.


Dei som har førarkort for traktor kan no utvide til førarkort for mopedbil ved å ta eit tryggingskurs på veg. Endringa kjem etter at aldersgrensa for mopedbil blir senka frå 18 til 16 år.


Vegdirektoratet innfører endringa i august. (©NPK)