F.v.: Max Julian Kollbotn, Sturla Skinlo Sørensen, Gunnhild Mardal, Jina Arnestad, Kari Eldby Rygg, Amalie Karoline Kirkhorn, og Isak Skjerdal Storøy.

Desse las mest i fylket





Klasse 5A ved Sandane skule tok førsteplassen i Sogn og Fjordane i Norli junior sin lesekonkurranse. I løpet av 13 veker har elevane i gjennomsnitt lese 5975 sider per elev.





– Gratulerer, og veldig godt jobba, smiler rektor ved Sandane skule, Linn Kristin Øren. Fredag fekk elevane utdelt medaljar, diplom og pokal på Gloppen folkebibliotek.





Leseglade elevar





Lesekonkurransen vert kvart år arrangert for 3.-7. klasse i Noreg, med mål om å auke kjennskapen til norsk barnelitteratur.





  I fylket vart klassa nummer ein, saman med klasse 4A på Vikane skule. Av 5. klassene i landet kom klasse 5A ved Sandane skule på 9. plass av 416, og av 2100 deltakande klasser i heile landet vart dei nummer 48.





– Takk til Gloppen folkebibliotek for hjelp til å finne gode bøker, det er viktig for lesemotivasjonen. Før eg starta som lærar for denne klassa, skreiv alle eit brev til meg. Om lag alle skreiv at dei ønskjer å gå på biblioteket. Det viser kor godt elevane liker å lese, smiler kontaktlærar for 5A, Kari Eldby Rygg.





– Det viktigaste er ikkje talet sider de har lese, men alle dei gode leseopplevingane de har fått, seier bibliotekar Ann Kristin Hovstad.





I tillegg til premieutdeling, fortel alle elevane om ei bok dei har lese, og kvifor dei likte den. Foreldra er inviterte, og etterpå skal alle samlast på klasserommet for kaker og kahoot om barnelitteratur.





Inspirerer til lesing





Kari Eldby Rygg fortel at konkurransen skal motivere elevane til å lese meir. For å engasjere, har konkurransen ulike premierte vekemål, og ein kunne heile tida sjå oppdatert statistikk for korleis kvar enkelt klasse låg an på Norli junior sin nettstad. Ho synest dette er ein flott konkurranse som inspirerer elevane.





– Vi hadde nettopp ei ny kartleggingsprøve i lesing. Der såg eg tydeleg framgang. Det er sjølvsagt vanskeleg å vite om betringa hadde vore der uansett, eller om den skuldast lesekonkurransen, seier ho.





Læraren legg til at somme av elevane las svært mykje, og liker det, medan andre las fort for å få høgast mogeleg sidetal. Men alle las.





– Eg spurde klassa om dei ville vere med, noko det var stor interesse for. Frå Sandane skule var det fire deltakande klasser. Det var første gong denne klassa deltok, men eg hadde gode erfaringar med konkurransen frå tidlegare skular.





Eldby Rygg kan fortelje om svært ivrige elevar som sprang rett på biblioteket etter skulen.





Oppdaga nye bøker





Amalie Karoline Kirkhorn las heile 20 000 sider, og fann favorittboka si gjennom konkurransen.





– Boka «Superbitch!» Av Louise Ashton hadde eg aldri før høyrt om, no er den favorittboka mi, fortel ho.





Sturla Skinlo Sørensen las 31 000 sider, og fann blant dei favorittboka «Bzzz» av Aleksander Kirkwood Brown. Han fortel at han somme dagar las i meir enn tolv timar.





Elevane fortel at det var lett å engasjere seg fordi dei hadde lyst til å vinne. Dei fekk premiar undervegs, og det var motiverande å følgje med på kven som leda. Dei liker godt konkurransar, men synest det er aller kjekkast når heile klassa kan gjere noko saman. For å få med alle i lesinga, hadde dei eigne lesetimar, dei hadde i lekse å lese minst 30 minutt kvar dag, i tillegg til at dei kombinerte det med å skrive bokmeldingar og eigne forteljingar.





– Vi kjem til å fortsetje å lese, men så mykje som vi har lese no, kjem vi nok aldri til å lese igjen, ler Amalie Karoline Kirkhorn.