- Dersom alle set fellesskapet før seg sjølv, vil me raskare få ein normal situasjon

Politiet har på vegner av samfunnet jobben med å fylgja opp lover og pålegg som vert gjeve av Stortinget. No har statsministeren bedt om at alle i Noreg deltek i ein felles dugnad, der me set fellesskapet før eigne interesser, og det er laga ein del mellombels lover som grip sterkt inn i folk sin kvardag. Dette for at me skal hindra smittespreiing og redusera konsekvensane av den internasjonale koronakrisa.

No står påska for tur. Det vert ein annan påske for mange, enn det ein ynskjer å ha. Mange born og personar med valdeleg partnar har no ein krevjande periode. Etter lenger tid det går utan skule-, barnehage- og sosialkontroll, aukar faren for overgrep og vald.

Mange born og unge elskar leik på fotballbana og andre hyggelege aktivitetar med kameratar/veninner. No er  det lagt avgrensingar også på dette. Men det er viktig å presisera at det er lov å leika, trena, gå tur og kosa seg på andre måtar, men ein må fylgja dei nasjonale smitteråda ved alle aktivitetar.

Ingen er så glad i hyttelivet som nordmenn, og for mange betyr ei påske utan hytteliv, ei betydeleg dårlegare påske.

Politiet i Sogn og Fjordane har per i dag hatt  87 koronarelaterte oppdrag. Det burde eigentleg vore null. Dersom alle tek sitt samfunnsansvar, vil det verta mindre oppdrag for politiet og «nabokjerringa» slepp å uroa seg meir enn naudsynt. Denne situasjonen er også heilt spesiell for politiet, for me har fått andre oppgåver enn det som pregar kvardagen vår normalt. Difor er det også viktigare enn nokon gong å ha eit førebyggjande fokus der politiet nyttar dialog og rettleiing så langt det går. Me ynskjer ikkje å legga ei ekstra bør til ein vanskeleg situasjon.

Så mi oppmoding er at kvar og ein følgjer opp Storting og Regjering sine lover og pålegg, så får me raskare tilbake den fridomen me alle set så høgt.

God påske med eit håp om få koronaoppdrag for politiet i Sogn og Fjordane.

 

Arne Johannessen,

politiinspektør,

leiar driftseining Sogn og Fjordane i Vest politidistrikt