Heim   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Den store kinodagen

"Wild Rose"er mellom filmane på Den store kinodagen på Gloppen kino laurdag.

Den store kinodagen

Laurdag er det igjen klart for den store kinodagen på Gloppen kino. Alle filmane er til halv pris. Filmane i år er «Kaptein Sabeltann og den magiske diamant», «Operasjon Mumie», «Wild Rose», «Joker» og «Rambo: Last blood».

Den livsfarlege jungelfyrsten Maga Kahn og den vonde dronning Sirikit har endeleg fått tak i den magiske diamant. Ryktet seier at den kan oppfylle ønske ved fullmåne. Maga Kahn drøymer om å kunne tole sol, slik at han fritt kan bevege seg ut av jungelen, men innan måneskinet kjem vert diamanten stolen av gutungen Marco. «Kaptein Sabeltann og den magiske diamant» er den perfekte familiefilmen.

«Operasjon Mumie» er oppfølgjaren til «Operasjon Mørkemann». Når det kjem ei mumieutstilling til Elvestad, skjer dei ei rekkje uforklarlege ulykker mellom dei tilsette ved museet. Ryktet seier at museet er ramma av farao Tutankhamon si forbanning. Er den gamle myten årsaka til dei mystiske ulykkene eller finst det ei anna forklaring? Barnedetektivene Tiril og Oliver og sporhunden Åtto er på saka.

«Wild Rose» er om Rose-Lynn Harlan som har ei frynsete fortid og ei fabelaktig stemme. Sjølv om ho er fødd og oppvaksen i Glasgow, har ho alltid identifisert seg med dei amerikanske countrystjernene. Hennar store draum er å flytte til Nashville og få sitt store gjennombrot der, men draumen verkar fjern når ein bur i Skottland, er åleinemamma til to små og arbeider som hushjelp.

Ein mislykka stand-up komikar vert sinnssjuk og endar opp som ein psykopatisk mordar. Regissør Todd Phillips («The Hangover») har skapt ei original, frittståande historie. Phillip si tolking av Arthur Fleck, er av ein mann som kjempar for å finne vegen i Gotham sitt samfunn. Han arbeider som klovn om dagen, og stand-up-komikar om natta, ,en spøken er alltid på eigen kostnad. Fanga i ein eksistens mellom apati og grusamheit, tar Arthur ei avgjerd som fører til ein kjedereaksjon av hendingar i denne karakterstudien av «The Joker».

Rambo må bekjempe eit meksikansk kartell i eit siste blodig oppdrag. Nesten fire tiår etter at han for første gong gjekk ut i kamp, er Sylvester Stallone tilbake som ein av dei største actionheltane gjennom tidene, John Rambo. No må Rambo konfrontere fortida si, og hente fram sine brutale kampferdigheiter for å få hemn i det siste oppdraget sitt.