Heim   >   Nyhende   >   Delen kvinnelege gründerar aukar

Administrerande direktør Anita Krohn Traaseth i Innovasjon Noreg er glad for at delen kvinnelege gründerar aukar. Foto: Fredrik Hagen/NTB scanpix/NPK.

Delen kvinnelege gründerar aukar

Dei siste fem åra har delen kvinner som startar enkeltpersonføretak i Noreg auka med tre prosentpoeng. Auken er størst i Møre og Romsdal, Oslo og Finnmark.

Blant dei som starta enkeltpersonføretak i 2018 var 38,6 prosent kvinner, medan 61,4 prosent var menn, viser tal NTB har fått frå Brønnøysundregistra.

I 2013 var delen kvinner til samanlikning på 35,5 prosent.

– Dette er jo veldig fine tal. Det er bra at tala går opp. I 2008 laga regjeringa ein handlingsplan om at delen kvinnelege gründerar skulle vere 40 prosent innan 2013. Det målet nådde dei ikkje, men no er vi i 2019 og ser ut til å nærme oss, seier professor Elisabet Carine Ljunggren ved Nord universitet til NTB. Ho forskar på kjønn og entreprenørskap.

Svak auke

Professoren understrekar at det er eit men ved tala.

– I tillegg til enkeltpersonføretak har vi jo aksjeselskap, og her skulle vi gjerne sett at kvinnedelen var høgare. Her ligg dei ferskaste tala på rundt 20 prosent kvinner og 80 prosent menn, seier Ljunggren.

I ein fersk rapport som Innovasjon Noreg leverer til næringsministeren på kvinnedagen fredag, har ein berekna den totale delen kvinnelege gründerar til 30 prosent. Då tar ein utgangspunkt i både enkeltpersonføretak og aksjeselskap. Også her ser ein svak auke dei siste åra.

– Utanfor komfortsona

Rapporten viser likevel at det er langt fleire kvinner blant dei som ønsker å bli entreprenørar, nemleg 45 prosent. Men mange av dei tar altså ikkje steget heilt ut.

– Det å satse på å bygge opp eige selskap, og spesielt ambisiøse vekstselskap, ofte samtidig som ein er i etableringsfase, blir for mange kvinner framleis oppfatta som eit langt steg utanfor komfortsona, seier administrerande direktør Anita Krohn Traaseth i Innovasjon Noreg.

Ho meiner det er viktig å få fleire kvinnelege gründerar, både for å betre likestillinga og maktfordelinga.

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) seier regjeringa vil gjere det meir attraktivt for kvinner å starte eiga verksemd.

– Derfor vil vi mellom anna gjennomgå alle ordningane, slik som sosiale rettar, og inkludere meir entreprenørskap i skule- og utdanningsløpet. Det er ingen grunn til at ikkje kvinnene skal vere like godt representerte blant gründerar som menn, seier han til NTB.

Sogn og Fjordane går mest tilbake

Utviklinga i talet på kvinnelege gründerar er ikkje like positiv i heile landet.

I Aust-Agder, Vest-Agder og Sogn og Fjordane har delen kvinner som startar enkeltpersonføretak gått tilbake. Størst er nedgangen i Sogn og Fjordane der talet har falle frå 35,6 prosent i 2013 til 30,2 i 2018. Fylket har dermed den lågaste kvinnedelen i landet.

Nest sist kjem Oppland (34,6 prosent) og Trøndelag (35,4 prosent).

Flest i Oslo

Oslo har høgast kvinnedel i Fastlands-Noreg med 45,3 prosent, følgt av Østfold med 39,8 prosent. Auken i delen som startar enkeltpersonføretak er størst i Møre og Romsdal (+5,6 prosentpoeng), Oslo (+5,4 prosentpoeng) og Finnmark (+4,6 prosentpoeng).

På Svalbard har det vore ein auke på heile 26,9 prosentpoeng i delen kvinner, men her baserer ein seg på eit mykje mindre talgrunnlag.

Svalbard er også den einaste staden i landet kor fleire kvinner enn menn startar enkeltpersonføretak. Der er delen kvinner på 53,6 prosent.

Fylkesvis oversikt:

Delen kvinner som starta enkeltpersonføretak i 2018. Tal frå 2013 i parentes.

Akershus: 39,5 prosent (38,0)

Aust-Agder: 35,7 prosent (36,3)

Buskerud: 39,4 prosent (34,9)

Finnmark: 38,9 prosent (34,3)

Hedmark: 37,2 prosent (34,4)

Hordaland: 38,4 prosent (34,6)

Møre og Romsdal: 38,2 prosent (32,6)

Nordland: 35,5 prosent (35,7)

Oppland: 34,6 prosent (34,3)

Oslo: 45,3 prosent (39,9)

Rogaland: 38,5 prosent (37,5)

Sogn og Fjordane: 30,2 prosent (35,6)

Svalbard: 53,6 prosent (26,7)

Telemark: 37,1 prosent (34,9)

Troms: 37,6 prosent (36,9)

Trøndelag: 35,4 prosent (36,7)

Vest-Agder: 37,1 prosent (35,7)

Vestfold: 41,3 prosent (38,1)

(©NPK)