Venke Nordeide er elevane og lærlingane i Sogn og Fjordane sitt ombod. Ho gjer det ho kan for å løyse småproblem og alvorlege saker som mobbing. Ho ønskjer velkomen eit nytt mobbeombod for barnehagar og grunnskule.

– Dei yngste treng òg eit mobbeombod

– Dersom vi kan stoppe mobbing tidleg, sparar vi elevane for alvorlege lidingar og samfunnet for store økonomiske kostnader. Eg opplever at det er bruk for meg, seier elev-, lærling- og mobbeombod i vidaregåande opplæring, Venke Nordeide.



– Eg har mange gongar opp gjennom åra opplevd å bli kontakta av foreldre og elevar i grunnskulen som trur at eg er elevombod for dei òg. Det stemmer ikkje, eg er ombod for dei som er i vidaregåande opplæring, fortel Venke Nordeide.

Ved slike høve har Nordeide måtta vise til kommuneadministrasjon og skuleleiar der eleven høyrer heime. No har regjeringa avgjort at alle fylke i landet skal ha sitt eige mobbeombod. Stillingane er utlyste, og omboda skal vere på plass til skule og barnehagestart i august.

– Mobbing startar tidleg

Ho fortel at ho dessverre kjem i kontakt med elevar i vidaregåande skule som har med seg ei mobbehistorie, og at det gjerne har starta tidleg.

– Eg er svært glad for at dei nye mobbeomboda skal ha ansvar både for barnehagar og grunnskular. Utestenging og mobbing kan starte i ung alder, så det er positivt at foreldre og barn no har eit uavhengig ombod dei kan kontakte for å få hjelp, seier Nordeide.

Ho ser fram til å samarbeide med det nye ombodet. Nordeide starta som elev- og lærlingombod i 2004, og er eit av dei omboda i Noreg som starta først og som har vore lengst i jobben sin. Frå 2014 vart stillingsinstruksen endra, og ho fekk òg ansvaret for mobbesakene.

– Det beste er om vi kan kome tidleg inn i ei konflikt eller stoppe mobbing eller andre ting som øydelegg trivselen før eleven sluttar, understrekar ho.

Dei siste åra har fleire alvorlege mobbesaker vore prøvde i rettsapparatet her i landet. Tidlegare elevar har fortalt om psykiske skadar og uførheit som følgje av plaginga dei har opplevd under skulegangen. Skular og kommunar arbeider no meir systematisk for å få slutt på uvesenet enn tidlegare, og lovverket kring varslingsplikt og ansvar er skjerpa inn.

– Det er vel nesten umogeleg å stoppe mobbing heilt, men det er svært mykje som kan gjerast om ein førebyggjer, grip inn tidleg og er tydelege som vaksenpersonar, påpeikar Nordeide.

Er ofte på Firda

Nordeide brukar mykje tid på å reise rundt i fylket og møte elevane på skulane og i lærlingverksemdene. Ho er tilgjengeleg på telefon, mail og Facebook. Firda har til liks med dei andre vidaregåande skulane direktelink til elevombodet på heimesida si.

– Det varierer litt kor ofte eg besøkjer dei ulike skulane, men på Firda vidaregåande skule er eg som regel rundt ein gong i månaden. Eg prøver å samle opp avtalene, slik at eg får gjort mykje når eg er på ein stad. Elevane kan òg treffe meg utan avtaler, understrekar ho.

Elles prøver elevombodet å delta på ulike arrangement skulane har, slik at ho kan vere synleg og at elevane kan finne ho der.

  – Kva er det elevane treng deg for, når dei kontaktar deg?

– Det kan vere enkle og konkrete spørsmål som regelverk kring eksamenar og liknande. Nokre strevar med noko som dei må ta ein prat med helsesyster eller lærar om. Det kan òg vere saker som ein konflikt mellom elevar, eller med ein lærar. Eller det kan vere noko så alvorleg som mobbing. Eg har alltid teieplikt, men er det mobbing, som er eit lovbrot, skal det meldast frå om til leiinga. Eg vil oppmode elevane om å kontakte meg med éin gong dersom noko er gale. Slik kan vi få ordna opp i ein situasjon før det vert veldig alvorleg, og at ein elev kanskje sluttar på grunn av mistrivnad. Det kostar både den enkelte og samfunnet mykje, understrekar ho.

Uavhengig tredjepart

– Det er vanskeleg å vere ung, spesielt om ein flyttar heimanfrå og kanskje ikkje har så nære vaksne fortrulege. Mange kjenner på utsjånad- og kroppspress og krav om å vere vellukka, og det kan hjelpe å snakke med ein «nøytral» vaksen, som ikkje er der i det daglege.

Ho trur at det at ho som elevombod ikkje jobbar på skulen, og ikkje er ein del av lærarkollegiet, gjer at det kjenst trygt for elevane å kontakte henne.

Nordeide skryter av jobben Firda gjer, med open skule, ein imøtekomande kultur og trivselstiltak for elevane.

– Sandane er ein god stad å bu på hybel og vere elev, og vaksenkontakt og møtestadar gjer at ungdomane blir trygge og trivst. Dette er noko som er blitt endå betre og meir systematisert dei siste åra, påpeikar ho.

Sogn og Fjordane har ein lågare prosent av elevar som droppar ut på vidaregåande enn landet sett under eitt, og Nordeide trur at arbeidet som til dømes Firda gjer, med inkludering, respekt og arbeid for trivsel og godt miljø, kan tilskrivast dette.

Nettmobbing

I dag skjer mykje av kontakten mellom unge på sosiale medium, og ikkje alt er positivt. Nokre kan òg kjenne på utestenging og manglande popularitet.

– Eg trur nok det er ein del stygge ting som vi vaksne ikkje er heilt klar over, her er det truleg mørketal. Og så kan det vere meldingar som i utgangpunktet ikkje er meint så fæle, som kan bli tolka slik. Det er i alle høve viktig at elevane kontaktar meg, slik vi kan finne ei løysing, understrekar ho.

I eit vanleg arbeidsår loggfører Nordeide 220 til 230 førespurnader frå elevar, foreldre eller andre som treng råd og hjelp.

– Det er eit meiningsfullt arbeid. Det å kunne stoppe ei uheldig utvikling eller løyse opp i noko, gjev meg energi til å halde på i denne jobben, seier Nordeide.