Finanspolitisk talsmann for Frp, Sivert Bjørnstad (t.h.) og medlem av finanskomiteen, Jan Steinar Engeli Johnsen, vil ha vekk eigedomsskatten. Privatisering og konkurranse innan kommunal tenesteproduksjon skal kompensere for tapte inntekter.

Dei vil ha vekk eigedomsskatten

To av Frp sine representantar i finanskomiteen var i dag på turne i Sunnfjord for å misjonere for fjerning av eigedomsskatten.



-Dette blir vår viktigaste valkampsak i år, sa Frp sin finanspolitiske talsmann på Stortinget og medlem av finanskomiteen, Sivert Bjørnstad, då vi møtte han og partikollega Jan Steinar Engeli Johansen på Skei.

Usosial skatt

- Denne skatten er både urettferdig og usosial. Det blir same skatten på eit hus enten det er gjeldfritt, eller har gjeld over pipa. Slikt blir oppfatta urettferdig av folk flest og vi har som mål å få vekk eigedomsskatten. Den tida vi har vore i regjering har vi fått kjempa ned makssatsen for eigedomsskatt frå sju, via fem, til fire promille på bustader, fortalde Jan Steinar Engeli Johansen, også han medlem av finanskomiteen. Han meinte vidare at å skrive ut eigedomsskatt, er å sende rekninga for manglande vilje til å ta tøffe grep, over på innbyggjarane.

-Både Jølster og Sunnfjord kan greie seg utan eigedomsskatt, var bodskapen frå Frp-politikarane som begge var klare på at kommande kommuneval blir eit val mellom eigedomsskatt, eller ikkje.

Kommunesamanslåing betyr lågare kostnader

-Kommunesamanslåing vil vere ei drivkraft for for lågare kostnader og meir effektiv, kommunal drift. Eigedomsskatten er ein ekstraskatt som innbyggjarane får fordi kommunane ikkje klarar å spare utgifter. Det er mange kommunar rundt om som klarar seg fint utan eigedomsskatt, så det går an å få til, berre viljen er der, fekk vi høyre.

-Korleis skal kommunane få kompensert for reduksjon eller bortfall av eigedomsskatten. Er det snakk om auke i statlege overføringar?, spurde vi og fekk til svar at privatisering av ein del kommunale tenester og gjennomgang av tal tilsette, vil få ned kostnadane.

- Kommunane må setje ein standard på korleis tenestenivået skal vere, til dømes innan helse og omsorg. Så blir det opp til ein privat tilbydar å levere tenestene til den prisen som er avtalt. Konkurranse har aldri vore eit hinder for å få ned prisen på varer og tenester.

- Kven i regjeringa er størst motstandar av å fjerne eigedomsskatten?

- Det er V og Krf, men også Høgre er skeptiske til å fjerne den heilt.

- Jølster og mange andre kommunar her i fylket har mange kraftverk. Kva med eigedomsskatten på verk og bruk, skal den også reduserast?

- Nei, vi aksepterer eigedomsskatt der, så der har vi ingen planar om endring, forsikra dei to stortingsrepresentantane før dei reiste vidare til nye besøk.



- Vi treng alle

- Eigedomsskatten er noko vi treng for å skaffe dekning til å utføre det folk ventar av oss. Skal vi nedbemanne vil det bety reduksjon i tenestenivået. Det går fint an å spare seg til fant, var ordførar Oddmund Klakegg sin reaksjon når vi lufta Frp sine tankar for han.

- Eg har ikkje noko i mot å fjerne eigedomsskatten, berre vi får det kompensert på ein eller annan måte. Prinsipielt er eg einig i å fjerne ein slik skatt.

- Korleis skal den i så fall kompenserast. Skal det skje ved auke i statlege overføringar?

- Nei, det er ikkje overføringar eg er ute etter, men at meir av verdiskapinga, altså skatteinntektene, blir verande att i kommunane. Vi sender alvorleg mykje pengar til Oslo, men har berre ein statleg arbeidsplass att i kommunen, og det er presten.

-Ein del kommunar klarar seg utan eigedomsskatt, bør ikkje fleire klare det?

- Kommunar utan eigedomsskatt er kommunar med ekstra store inntekter, og då snakkar vi gjerne om kraftkommunar som Aurland og Bremanger. Luster var lenge utan eigedomsskatt, men har innført den no. Men la oss få ha meir av verdiskapinga lokalt, så kan dei fjerne eigedomsskatten, er bodskapen frå Jølster-ordføraren som er spent på korleis det går når nivået på eigedomsskatten skal harmoniserast i den nye kommunen i Sunnfjord.

 

 

Ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg er ikkje i mot å fjerne eigedomsskatten, men den må i så fall erstattast av ein større kommunal del av skatteinngangen i kommunen.