Ein jury har kåre dei ti beste barnebøkene på nynorsk.

Dei ti beste barnebøkene på nynorsk kåra



Ein jury har nominert dei ti beste barnebøkene som er skrivne på nynorsk etter år 2000. Barn og unge frå heile Noreg har sendt inn forslag.


Som ein del av Bokåret 2019 har Nynorsksenteret, Pirion, Framtida.no og Framtidajunior.no tatt initiativ til å kåre dei beste barnebøkene på nynorsk etter 2000 for å vise breidda i den nyare, nynorske barnelitteraturen skrivne av norske forfattarar.


– Juryarbeidet har vore ei veldig kjekk, men verkeleg vanskeleg oppgåve! Det var mykje bra å velje mellom, og det var kjempevanskeleg å avgrense utvalet til berre ti bøker i kvar kategori, seier Liv Astrid Skåre Langnes.


Ho har leidd juryen saman med Liv Kristin Bjørlykke Øvereng. Juryen har valt ut ti bøker i dei fire kategoriane: barnebøker, biletbøker, ungdomsbøker og faktabøker for barn og ungdom.


Dei beste barnebøkene blir offentleggjort først. Dei andre sjangrane vil bli offentleggjort seinare i haust.


 

Her er dei beste barnebøkene:


«Teo i trøbbel» av Solveig Blindheim Bendixen


«Tonje Glimmerdal» av Maria Parr


«Eksperimentet» av Harald Nortun


«Fly, Thea! Fly» av Bente Bratlund


«Verdas mest forelska par» av Rune Belsvik


«Motorsykkelmysteriet» av Magnhild Bruheim


«Ollis» av Ingunn Thon


«Snillionen» av Arnfinn Kolerud


«Flukt» av Atle Hansen


«Happy» Linn T. Sunne


(©NPK)