Syklistane som sykla siste etappe fram for kyrkja der Søren Hunskår i si tid la skifertak og smidde kyrkjegardsporten.

Dei sykla i Mats sine fotspor

I 1919 la Mats Hunskår ut på tur frå Vestfold til Breim der foreldra Søren Hunskår og Nilla, fødd Egge kom frå. Søren Hundskår var kjend som smed, snikkar og skiferprodusent med steinbrot i Breimsfjellet der han også hadde sagbruk og tønnefabrikk.



Han fekk etter ei tid problem med helsa og reiste austover for å finne seg ein gard. Det fann han på Gogstad i Vestfold og der slo han seg ned med kone og sju born. Etter kvart kom det tre til, så Nille fekk til saman 10 born og 30 barnebarn.



Lang sykkeltur

Eldste son til Nille og Søren heitte Mats og i 1919 fann han på at han skulle besøkje røtene i Breim. Der kom han etter kvart syklande og alle trudde at han hadde sykla heile vegen, heilt til dei fekk sjå bileta som den ivrige amatørfotografen hadde teke på turen.

- Der var det nemleg ikkje eit einaste foto frå strekninga mellom Vestfold og Otta, men mykje foto mellom Otta og Breim. Då gjekk det opp eit lys, fortel Olav S. Egge som er barnebarn til broren til Nille. Mats hadde rett og slett teke toget til Otta og så sykla der i frå. Men sjølv om Mats fuska litt på turen oppover, tok han det att på heimturen. Då sykla han til Vadheim, tok båt til Bergen og sykla vidare der i frå gjennom Hardanger, over Haukeli og ned gjennom Telemark til Vestfold.



Kopi av turen

Denne veka tok ein stor flokk av Mats sine sine etterkommarar same turen som han gjorde mellom Vestfold og Breim. Fleire generasjonar, tilsaman rundt 30 menneske, var med på turen som starta med bil til Otta, og sykkel der i frå og til Breim der dei kom midt på dagen fredag. Ved kyrkja på Reed sto ein liten mottakskomite klar med flagg då bilar og 16 syklistar trilla inn på parkeringsplassen.

- Det har vore ein fantastisk tur gjennom vakker natur der vi har besøkt fine, gamle gardar i Vågå og Lom og vi har også vore innom gamle skyss stasjonar undervegs for å leite etter namnet til Mats i gjestebøkene. Men det vart utan resultat, fortalde Mats Mysen, barnebarn av den første Mats som stilte med sykkel frå 1946 med jordmorveske på bagasjeberaren  der kamera og diverse anna utstyr var plassert, akkurat som på under turen til Mats Hunskår.

-Det blir heilt andre inntrykk å få undervegs når du sit på eit sykkelsete, samanlikna med å køyre bil, smilte Mats som tykte det var kjekt å komme tilbake til røtene i Breim.



Alder ingen hindring

Den eldste som av dei som sykla  var Berit Hundskår (72), svigerdotter av Mats. Ho var den einaste av syklistane som hadde sykla nesten heile strekninga mellom Otta og Breim og kunne fortelje om ein strabasiøs tur over gamle Strynefjellsvegen i knehøg snø. Der måtte dei leie syklane i tre timar, og det vart ein hard etappe.

-Nokre av dei yngre syklistane hjelpte meg, så det gjekk bra, fortalde Berit som hadde med seg dottera Anne Hege Hunskår Tajet som altså er barnebarn av Mats som var 24 år då han sykla denne turen.

-Vi har planlagt dette i fem år og det var fantastisk kjekt å få det til og det har vore ein fantastisk gjeng å vere i lag med undervegs, fortalde dei to damene som såg fram til slektstreff med over 50 deltakarar i Stardalen sommarkafé i kveld og tur på Eggenipa i morgon.

Syklistane vart tekne mot med flagg då dei kom fram til kyrkja i Breim
Olav S. Egge tykte det var kjekt å få besøk av slektningar frå Vestfold. Her i lag med Mats Mysen, barnebarn av den Mats Hunskår
Berit Hunskår (t.v.) og Anne Hege Hunskår Tajet, svigerdotter og barnebarn av Mats Hunskår tykte det hadde vore ein fantastisk tur og såg fram til slektstreffet om kvelden.