Vidar Villa er ein av artistane under Glopperock sin ungdomskonsert.

Dei opptrer på Glopperock

Vidar Villa, Oselie og Kristianne kjem til Glopperock sin ungdomskonsert torsdag 15. august i Trivselshagen.




Vidar Villa har det siste året vore mellom Noreg sine mest strøyma artistar.

Vidar Villa

Vidar André Grødset Mohaugen, best kjend under artistnamnet Vidar Villa, er ein norsk musikar og songar frå Skedsmokorset. Han framfører norskspråklege festlåtar som «One Night Stand» og «Herregud». I 2017 hadde låtane hans over 27 millionar strøymingar på nett, og han var ein av deltakarane i Melodi Grand Prix 2018 med låta «Moren din».

Artisten har gjeve ut ei rekkje singlar: «Et par rolige shots med gutta» (2017), «One Night Stand» (2017), «Det er fest» (2017), «Herregud» (2017), «Skjærgården 2017» (2017), «Når sola står opp» (2017), «Når julen kommer» (2017), «Nissen må skjerpe seg» (2017), «Moren din» (2018), «Jenter» (2018), «Sjalu» (2018), «Plan B» (2018), «Hitparade» (2019) og fleire låtar kjem utover sommaren 2019.



Oselie

Oselie Henden, eller berre Oselie som er artistnamnet hennar, vann Melodi Grand Prix junior i 2017, med den eigenkomponerte låta «Verda vår».

– Eg vart inspirert av flyktningkrisa og at det har kome så mange nye folk her til landet. Vi må ta vare på alle saman. Eg har fleire vener som er flyktningar, fortel Oselie.

Eidajenta er 16 år, men likevel røynd på scenegolvet. Talentet har ho fått vist fram under Ungdomens kulturmønstring fleire gonger, og allereie som 11-åring var ho med i Norske Talenter. Dersom ein skal dømme etter oppslutnaden som forgjengarane hennar, Vilde og Anna, fekk på festivalscena i fjor, er det god grunn til å vente seg god stemning på konserten.



Kristianne

Kristianne Engebrektson er ein artist og låtskrivar frå Gloppen. I tillegg til å framføre eigne låtar, lager ho musikkvideoar og coverbilde til seg sjølv og andre artistar.

Etter tre år på musikklinja på Firda vidaregåande skule, har Kristianne gått eit år på linja for musikk og reise på Nordhordaland Folkehøgskule der ho har fått dyrka interessa si, halde konsertar og reise verda rundt.

Det er Gloppen Musikkforum som står bak Glopperock sin ungdomskonsert i kultursalen i Trivselshagen.

Gloppen sin eigen Kristianne Engebrektson blir også å høyre på konserten
Oselie Henden frå Eid kjem også