Heim   >   Nyhende   >   Dei freda artane ærfugl og oter går ikkje så bra i lag

Søt krabat som dessverre herjar i ærfuglreira. Foto: Tor Erik Schrøder/NTB scanpix/NPK.

Dei freda artane ærfugl og oter går ikkje så bra i lag

Oteren har vore totalfreda i Noreg sidan 1982, men no truar rovdyret ærfuglane på verdsarvøya Vega i Nordland. Det gjer ærfuglvaktarane fortvila.

Vega har sidan 2004 stått på Unesco si liste over dei viktigaste natur- og kulturarvstadane i verda. Ein av grunnane er ærfuglen og den historiske dunværtradisjonen.

Men i fjor drap og jaga oter store mengder ærfugl på øya. Fuglevaktarar synest det er fælt å sjå på at ein tusenårig tradisjon blir øydelagt.

– Eg fryktar at det same skal skje igjen i år, at området her skal bli heilt rasert. I fjor blei 80 prosent drepne eller skremde bort, og på to kveldar blei ti dyr skotne, seier John Karlsen, ærfuglvaktar på Vega, til NRK.

Oteren er raudlista. Derfor gir Fylkesmannen avgrensa med fellingsløyve på dyret årleg og meiner dagens løysing er god nok.

– Vi har gitt ein kvote på fem otrar til verdsarvstiftinga på Vega. Viss det oppstår store problem med at oteren forsyner seg av fuglane, kan dei felle innanfor kvoten på fem oter, seier seksjonsleiar Tore Vatne hos miljøvernavdelinga.

Både jegar Brynjar Harsvik og Vega-ordføraren fryktar at verdsarvstatusen kan forsvinne dersom dunværa blir borte.

– Utviklinga er skremmande. Oter er ein stor trussel mot verdsarvstatusen. Vi må få ei skikkeleg bestandskartlegging over kor mykje oter det er. Vi registrerer at det er oter alt, og dei har heller ingen naturlege fiendar, seier ordførar Andre Møller (Ap). (©NPK)